English version of this page

Sluttmelding

Om du sluttar på eit studium må du fylle ut skjema for sluttmelding. Når du leverer sluttmelding for eit studium, seier du frå deg plassen din og du kan ikkje lenger ta emne som høyrer til studiet (med mindre du søker heilt nytt opptak). 

Du bruker vanleg brukarnamn og passord for å logge inn. 

Ved spørsmål, ta kontakt med ditt fakultet/avdeling for lærarutdanning.

Om du ikkje har ordna deg passord enno, kan du velgje å sende oss ein e-post kor du stadfestar at du vil seie frå deg studieplassen din hjå oss. Følgjande informasjon må stå i e-posten:

  • Fornamn
  • Etternamn
  • Studentnummer
  • Sluttdato
  • Studieprogram
  • Sluttårsak
  • Trekk fra eksamen
  • E-postadresse

E-posten skal sendes til: post@uia.no

Du skal ikkje levere sluttmelding om du har fått studietilbod denne sommaren og ønsker å slutte før 1. september. Da må du sende e-post til opptak@uia.no

Har du betalt semesteravgifta før du sluttar kan du få semesteravgifta refundert fram til 15. februar for vårsemesteret og fram til 1. oktober for haustsemesteret.

Send sluttmelding her

Publisert 29. jan. 2024 - Sist endret 9. apr. 2024