English version of this page

Semesteravgift/refusjon

Betal semesteravgifta seinast innan 1. september (for haustsemesteret) og 1. februar (for vårsemesteret). Nye studentar må først motta brukernavn og passord, og semesterregistrere seg.

Opprett faktura og betal i Studentweb

Betalt semesteravgift er ei forutsetning for å få lasta ned gyldig app for studentbevis (semesterkort), studentkort og få utbetalt støtte frå Lånekassa. Du opprett sjølv betalingsinformasjon under "betaling" i din Studentweb.

Frå 10. juni i haustsemester og 10. desember i vårsemester kan du få betalt semesteravgifta i din Studentweb. Du oppretter sjølv faktura under "betaling".

Merk at det tar to til tre virkedagar fra du har betalt til vi har fått inn betalinga di i våre system. 

Semesteravgift

Du opprettar faktura sjølv i din Studentweb. Om fakturaen ligger inne på "feil studium" har det ingenting å si. Vi registrerer betalingen på deg som student, ikke hvilket studium du går på.

Du må kvart semester betale semesteravgift for å bli registrert som student, ta eksamen, få utbetaling frå lånekassa og for å kunne laste ned gyldig app for studentkort/motta semesterkort. Appen/semesterkortet stadfester at du er student dette semesteret. Du treng appen/semesterkortet for å nytte tenester frå Studentsamskipnaden i Agder (SiA) og for å få rabatt på m.a. reiser.

Dersom du ikkje betaler semesteravgifta innan 1. februar / 1. september, blir du ikkje rekna som student og eksamensoppmeldingane dine vil bli sletta. 

Alle innan ordinær studietid som har betalt semesteravgifta og semesterregistrert seg, får i byrjinga av desember/juni lagt ut betalingsinformasjon (KID-kode, kontonummer og beløp) som gjeld semesteravgift for neste semester på Studentweb. Dersom du ikkje har nettbank, kan du bestille papirgiro på Studentweb. Den blir sendt til heimstadadressa di om sommaren og i juleferien og til semesteradressa di elles. Ikkje bruk manuelt utfylt giro.

Hugs å nytte KID-koden når du betaler i nettbank.

Fra studieåret 2024-25 er semesteravgift og andre avgifter på kr 735,- og går til:

  • Semesteravgift til SiA og Norsk studentorganisasjon: kr. 535,-
  • Kopinoravgift: kr. 200,-

I tillegg er det ei valfri avgift til SAIH: kr. 50,-

Dei som ynskjer å stø Studentene og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) med kr 50, betaler kr 785,-. Sjå informasjon her.

Merk at giroen i Studentweb ligg automatisk på kr. 785,-. Dersom du ynskjer å betale kr. 735,-, må du sjølv endre dette når du gjennomfører betalinga di i nettbanken.

Fyste gang du betalar semesteravgifta, får du kr. 50,- inn på studentkortet ditt. Etter dette, må du betale inn sjølv.

Dersom du betaler semesteravgift til ein anna høgskule eller universitet, blir ikkje betalinga automatisk registrert i studentsystemet ved UiA. Du må difor vise/sende dokumentasjon på at du har betalt semesteravgift, slik at det kan bli registrert manuelt ved UiA. Kom innom UiA Hjelp på din campus eller send eit brev/e-post til UiA Hjelp med kopi av bevis på at du har betalt semesteravgifta. Husk å ta med fullt namn og studentnummer.

Sommarsemester

Studentar i sommarsemesteret betaler semesteravgift som også gjeld for hausten. Dersom dei skal halde fram med studiane i haustsemesteret, treng dei ikkje betale. 

Refusjon av semesteravgift

Du kan få refundert semesteravgifta dersom du:

  • Trekkjer deg fra eksamen
  • Har betalt inn to gonger
  • Har betalt inn for mye
  • Har betalt hos ein annan studiestad

Refusjonsskjema

Frist for å få refundert semesteravgifta er 15. februar for vårsemesteret og 1. oktober for haustsemesteret.

SAIH

Ved innbetaling av den valfrie summen som går til Studentenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), blir denne summen overført direkte til organisasjonen.

Dersom du ønskjer refusjon av dette beløpet må du senda inn refusjonsskjema til SAIH.

Refusjon SAIH

Doktorgradsstudentar

"Doktorgradskandidatar som får stønad frå Statens lånekasse for utdanning etter reglane i sjette del i forskriftene til lov om utdanningsstønad til elevar og studentar, gjennom NUFU-programmet eller andre NORAD-finansierte program kan velje å betale semesteravgift. Ved tvil skal utdanningsinstitusjonen, etter å ha rådført seg med Studentsamskipnaden, avgjere om ein person skal reknast for å vera student etter første ledd." Jfr. Forskrift om studentsamskipnader § 17.

Dette tyder at det berre er dei doktorgradsstudentane som er i de nemnte programma, eller som får stønad frå Statens lånekasse (etter gjeldande reglar) som kan velje å betale semesteravgifta. Alle andre doktorgradsstudentar skal ikkje betale.

Betaling ved andre studiestader

Du treng berre å betala semesteravgift ved éin studiestad i Noreg, sjølv om du studerer ved fleire. Hovudregelen er at du betaler til studiestaden der du oppheld deg dette semesteret, eller der du tek flest studiepoeng dette semesteret. Har du eit utvekslingsopphald i utlandet skal du likevel alltid betala til UiA.

Dersom du har betalt til andre studiestad treng me dokumentasjon på dette. Gå til din Studentweb ved den aktuelle studiestaden, og vidare til Meir > Betaling. Her kan du lasta ned din betalte faktura i PDF-format og vedlegga han til hjelp@uia.no.

Publisert 29. jan. 2024 - Sist endret 28. juni 2024