English version of this page

Studentkort

Studentkortet er eit legitimasjonskort i bankkortformat. Kortet fungerer som lånekort på biblioteket, gir tilgang til bygg utanom opningstid og enkel innlogging på skrivarar.

Få studentkort

  1. Betal semesteravgifta og stadfest utdanningsplanen din på Studentweb.
  2. Last ned Studentbevis-appen
  3. Ta eit bilete av deg sjølv med mobil eller nettbrett (følg kriteriane for bilete) eller bruk ein fotoboks på Campus. (Kristiansand: under trappa opp til D2/B2 i Vrimlehallen. Grimstad: rett ved hovudinngangen)
  4. Logg inn med din UiA-konto, sett inn ønska PIN, legg til bilete, og send inn.
  5. Hent studentkortet hos UiA Hjelp innen 2-3 vyrkjedagar. Hugs gyldig legitimasjon og Studentbevis-appen!

Bestill kort her

Kriterier for bilete:

  • Lys bakgrunn
  • Solbriller og hovudplagg: ingen solbriller, caps/hatt/lue.
  • Auga fram i lyset: med ein lukka munn.
  • Portrettformat
  • Tydelig: Godt belyste bilder av fotokvalitet, maks 6 månader gammalt.
  • Ingen spøk: Tullebilder passer best utenfor studentkortet.
  • Fargerik verden: Ingen svart-kvitt bilder.

Mistet kort?

  • Om du allereie har teke bilete, og det er under 5 år sidan, er kortet framleis gyldig. Mista kort kostar 100 kr.
  • Nytt kort kostar 100 kr og kan hentast neste dag. Gratis dersom kortet er øydelagt (fremvis det øydelagde kortet).

Ekstra tips

  • Fyll på printpoeng på sjølvbeteningsautomat ved UiA Hjelp.
  • Treng du utvida adgang, kontakt fakultetet ditt.
  • Gløymd PIN-kode? Sett ny PIN i fotoboksane på campus (vent nokre timar for aktivering).
  • Gløymd kortet ditt? Du kan logga på skrivarane med UiA-kontoen din. Du kan låna bøker på biblioteket ved å skanna strekkoden din i Studentbevis-appen.
Publisert 27. feb. 2024 - Sist endret 9. apr. 2024