English version of this page

Forskningsetisk utvalg

Det forskingsetiske utvalet ved Universitetet i Agder er eit sentralt rådgjevande organ, som rapporterer til styret.

Utvalet behandlar saker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer ved Universitetet i Agder, når desse vert lagt fram for utvalet i samsvar med retningslinjene for behandling av slike saker. Fråsegnene til utvalet er rådgjevande, og det er rektor som fattar endeleg vedtak i saker som utvalet har behandla.

Utvalet kan, ved behov og etter førespurnad, vurdere forskingsetiske problemstillingar i forskingsprosjekt. Dette gjeld også prosjekt ved forskingsinstitutt i regionen.

Det forskingsetiske utvalet består av fem medlemmar, der to er eksterne. Utvalet leiast av eitt av dei eksterne medlemmane. Utvalsleiar og utvalsmedlemmane vert oppnemnt av styret for tre år av gongen, med høve for gjenoppnemning.

Medlemmar:

Utvalet har desse faste medlemmane for perioden fram til 1. januar 2027:

  • Tidlegare fylkesmann Ann-Kristin Olsen (leiar av utvalet)
  • Professor Bjørn Hofmann (NTNU)
  • Professor Vladimir Oleshchuk (UiA)
  • Professor Solveig Botnen Eide (UiA)
  • Dosent Anne Valen Skisland (UiA)
Publisert 29. apr. 2024 - Sist endret 10. juni 2024