Forskningsgrupper
Ansvarsområde
I 2024-27 er 50% av stillinga mi knytt til funksjon som visedekan for forsking ved Fakultetet for humaniora og pedagogikk.
Eg er professor i nordisk språkvitskap og har har vore tilsett ved UiA i om lag 20 år. Eg har undervist og rettleia på mange emne i studietilbodet til Institutt for nordisk og mediefag, særleg masterprogrammet i samfunnskommunikasjon og i ulike norskfaglege emne i lærerutdanningane. Eg forskar på multimodal, visuell og digital kommunikasjon, dels i tilknyting til utdanningsfeltet og dels meir allmennt.
Forskning
Faglege interesser
Forskinga mi dreier seg særleg om multimodal, visuell og digital kommunikasjon, dels i tilknyting til utdanningsfeltet og dels meir allmennt.
Nøkkelord: Digital teknologi, visuell kommunikasjon, medieteknologiar, kritisk literacy, literacy, multimodalitet, diskursanalyse, norskfaget i skulen, språk og kommunikasjon i barnehagen.
Pågåande forsking: Eg er for tida involvert i det EU-finanserte prosjektet ReMeD (lenke under). Eg deltar også i ein studie av generativ KI frå eit kritisk diskursanalytisk perspektiv, samt i eit prosjekt der vi kritisk undersøker digitale læringsplattformer som semiotisk teknologi.
Prosjekt
Deltakar i forskingsprosjektet ReMeD - Resilient Media for Democracy in the Digital Age (2023-2026), finansiert av Horizon Europe.
Deltakar i forskingsprosjektet "CritLit - Critical Literacy in a digital and global textual world", (2020-2023), finansiert av NFR.
Medleiar av forskingsprosjekt om "Social Media as Semiotic Technology" i samarbeid med Senter for multimodal kommunikasjon ved Syd-Dansk Universitet (2015–2018).
Leiar for prosjektet "Evalueringstekst" (2017-2018) frå forskingsgruppa Utdanningstekst.
Deltakar i forskingsprosjektet "DigiGLU – Digital tekstkompetanse og bruk av læringsressurser i ny grunnskolelærerutdanning", støtta av Uglandsfondet 2013–2015.
Deltakar i forskingssatsninga "MULTIKUL– Multimodalitet og kulturendring", UiA, 2011–2015.
Deltakar i forskingsprosjektet Multimodalitet, sjanger og design, støtta av NFR, 2007–2011.
Funksjonar og verv
Visedekan/prodekan for forsking ved Fakultet for humaniora og pedagogikk (2019–2023;2024–).
Medlem i Det nasjonale publiseringsutvalet for humaniora NPU-HUM (2019-2023; 2024-).
Medlem i Fakultetsstyret for samfunnsvitenskap, UiA (2024–2027). Varamedlem i Fakultetsstyret for Fakultet for helse- og idrettsvitenskap, UiA (2019–2023).
Medlem i UiAs ansettelsesutvalg (2023–)
Leiar for UiAs referansegruppe for Metochi studiesenter (2024–), medlem frå 2018.
Leiar for den nordiske foreninga for SFL og sosialsemiotikk (2019– ). Nestleiar 2013–2019.
Medredaktør for tidsskriftet Visual Communication, SAGE (2017–2020). Medlem av redaksjonsrådet for tidsskriftet Computers and Composition, Elsevier (2023– )
Medlem av forskingsgruppa Medie- og kommunikasjonsforskingsgruppa ved Fakultetet for humaniora og pedagogikk, UiA. Leiar for forskingsgruppa Utdanningstekst i perioden 2015–2019.
Tillitsvald for Utdanningsforbundet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk (ca. 2015-2019), i nokre år også hovudtillitsvald ved UiA.
Undervisning
- Masterprogrammet i samfunnskommunikasjon (tekst- og diskursanalyse, retorikk, MA-rettleiing)
- Norskfaget i grunnskulelærarutdanninga (multimodal literacy, kritisk literacy, MA-rettleiing)
- Ph.d.-spesialiseringa i språkvitskap