English version of this page

Poetane som endra tenkinga om religion

Jamie Callison seier at modernismen er meir enn eit farvel til tradisjonen. Den er også eit forsøk på å nyskape religion og tradisjonell tenking.

Foto av Jamie Callison på kontoret.

Førsteamanuensis Jamie Callison analyserer poesien til David Jones, T. S. Eliot og H.D. (Hilda Doolittle) i den nye boka si om poesi, modernisme og religion. Foto: Damares Stenbakk

Av Atle Christiansen
Publisert 30. jan. 2024 - Sist endret 27. mai 2024

I boka Modernism and Religion: Between Mysticism and Orthodoxy (2023) utforskar Jamie Callison korleis poesi og kunst endra tradisjonell religion og tenking.

– Eg fortel historia om dei religiøse dimensjonane i den modernistiske modernismen på 1900-talet. Det perspektivet er ei undervurdert og underrapportert side ved modernismen, seier Callison.

Jamie Callison er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

I den nye boka si utforskar han korleis religion og poesi har inspirert kvarandre gjennom det tjuande hundreåret.

Callison les og tolkar dikt av David Jones, T. S. Eliot og H.D. (Hilda Doolittle).

– Ezra Pounds slagord for modernismen var 'Gjer det nytt!', make it new! I boka mi viser eg korleis poetar som David Jones, T. S. Eliot og H.D. grip fatt i religiøse idear og bidreg til å fornye tenkinga om religion, seier Callison.

Han minner om at desse poetane ønskte meir enn berre å bli lesne. Dei ville at poesien skulle framførast.

– På same måte som liturgien i ei kyrkje, vart poesien deira levande når han vart framført munnleg for publikum, seier Callison.

Han peikar mellom anna på Eliots diktbok The Four Quartets. Der får lesaren beskjed om å lese dikta høgt.

Poesi som ei kroppsleg oppleving

Callison understrekar at modernistiske poetar ville gi lesaren ei heilskapsoppleving. Poesien skulle ikkje berre vere noko for intellektet, men også for kjenslene og sansane.  

– Poesi skal vere ei sanseleg totaloppleving. Poetar som Eliot og H.D. behandla verka sine nærast som teater-framsyningar, og nokre av dei skreiv også for teateret, seier han.

Dikta deira var meinte å bli talt høgt. Ifølgje Callison var dette poetar som forstod krafta i den munnlege opplesinga. Og slike framføringar liknar på religiøse talar, bønner og ritual.

– Dikta inviterte lesarane til å tenkje og sanse seg gjennom trua og tradisjonen på nytt, seier han.

Ei bru mellom det heilage og profane

Callison seier at denne typen poesi kan seiast å vere ei bru mellom den religiøse og den sekulære verda, mellom det heilage og det kvardagslege.

– Ein poet som Eliot skreiv bøker som oppmuntra lesarane til å reflektere over den religiøse fortida og korleis den påverka på notida og framtida. Gjennom dikta søkte desse poetane å bidra med ei meditativ oppleving, seier han.

Callison understrekar at poetane ikkje var ute etter å erstatte religion og religiøse skrifter med kunst og poesi.

–  At kunstnarane ville erstatte religion med kunst er framleis eit utbreidd, men unyansert perspektiv på modernismen. Poetar som T.S. Eliot, H.D. og David Jones arbeidde med religiøse spørsmål. Men viktigare: Dei omarbeidde dei, nyskapte dei kanskje på enkelte område og gjorde dei tilgjengelege for eit sekulært publikum, seier han.

Ikkje bevare, men omarbeider minne

– Dei bevarer nok delar av den religiøse tradisjon i dikta sine. Men viktigare er det at dei omarbeider minna. Etter Ezra Pounds motto prøver dei å make it new, seier Callison.

Han minner om at Four Quartets er eit krigsdikt, skrive under andre verdskrigen. Det vart til i ei tid då Eliot og dei fleste andre i Storbritannia følte at dei kom til å tape krigen.

– Diktet nærmar seg ideen om ein tapt nasjon og tapt identitet. Kjensla av tap påkallar religiøse idear for å finne trøyst i det trøysteslause. Nøkkelen er ikkje at diktet blir religiøst, men at det prøver å kople seg til religiøse idear for å sjå om det kan bere gjennom nederlag, seier Callison.

På den måten meiner han diktet fungerer som ei slags påminning.

– Det minner oss om den religiøse fortida, og at ho kan vere verd å hugse. Denne typen poesi gjenoppdagar og prøver ut religiøse ritual og tenkjemåtar. Poetane viser oss kanskje berre restane av eit religiøst liv og ei kristen tenking, seier Callison.

Poetar gjenoppdagar

Callison understrekar at poetar ikkje berre gjentek fortida eller vendar tilbake til ho; dei gjenoppfinnar og tolkar ho på nytt.

Han nemner Nobelprisvinneren frå 2023, Jon Fosse, som eit døme frå våre dagar:

– Jon Fosse ser ut til å vende tilbake til kristendommen i mange av sine bøker på ein nyskapande måte. Men eg meiner  frasen 'vende tilbake' er misvisande. I ein kunstnars verk er 'tilbakevending' ikkje berre ei tilbakevending, det er ei nytolking.

Kontakt forskeren: 

Bilde av Jamie Christopher Callison
Professor
E-post
jamie.c.callison@uia.no
Telefon
+47 38 14 20 61