Søkjarar som fyller 25 år i søknadsåret og manglar formell kompetanse, kan søkje realkompetansevurdering. Å bli kvalifisert for opptak utan formell kompetanse, stiller krav til svært god og relevant realkompetanse. Søknader om realkompetansevurdering blir behandla av fleire saksbehandlarar, og det blir gjort ei samla vurdering av den realkompetansen søkjaren har dokumentert. Sjølv om du får godkjend realkompetanse, betyr det ikkje at det svarer til nivået til søkjarar med formell kompetanse.
Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er den kunnskapen og dei erfaringane ein har skaffa seg gjennom lønna arbeid, eller gjennom arbeid utan lønn. Realkompetansen kan òg komme frå utdanning eller organisasjonserfaring. Erfaringa må vere retta mot det studiet ein ønskjer å søkje opptak på.
Det er opp til Universitetet i Agder å vurdere om kompetansen er god nok. Har ein tidlegare fått opptak med realkompetanse, vil dette ikkje vere godkjent for seinare opptak. Du må sende inn all naudsynt dokumentasjon til kvart opptak.
Krav til realkompetanse ved UiA
Kryss av for realkompetanse som utdanningsbakgrunn i nettsøknaden din seinast 1. mars. I tillegg til utfylt og signert egenerklæring (Skjema for egenvurdering av realkompetanse) med eventuelle vedlegg, må du laste opp dokumentasjon på at du dekkjer følgende krav:
Norsk- og engelskkunnskapar
Søkjarar må dokumentere kunnskaper i norsk og engelsk som er tilstrekkelig for det enkelte studium, normalt kunnskaper tilsvarande andreklasse norsk vidaregåande skule, yrkesfagleg studieprogram. Søkjarar frå land utenfor dei nordiske landa må dokumentere norsk og engelsk tilsvarende kravet til generell studiekompetanse.
Søkarar skal dokumentere praksis tilsvarande 5 års fulltids yrkespraksis. Minimum 3 av dei 5 åra må vere relevante i høve til det studiet det vert søkt opptak til. Inntil 2 av dei 5 åra kan dokumenterast med uløna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller liknande. For oversikt over eksempel på relevant praksis til dei ulike fagområda gjeldande for grunnstudiar, sjå 1.1 g) i Utfyllande reglar for realkompetansevurdering.
Krav om praksis til studier på master- og påbyggingsnivå
For å erstatte eitt års studium, krevst relevant arbeidserfaring tilsvarande 100 prosent stilling i minst tre år. Dersom delar av arbeidsoppgåvene ikkje er vurdert som relevante ut frå kriteria i punkt 3.1.b) i Utfyllande reglar for realkompetansevurdering, aukar kravet til omfang. Arbeidserfaringa skal vere frå leiande stillingar eller andre stillingar med sjølvstendig ansvar.
For å bli vurdert for opptak til masterprogram på grunnlag av realkompetanse, må søkarar ha minst 90 studiepoeng relevant utdanning.
Slik dokumenterer du arbeidspraksis
Løna arbeid
Løna arbeid dokumenterer du med arbeidsattest der det står:
startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
fullt namn til bedrifta og
fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
dato for utferding av dokumentet
Sjølvstendig næringsverksemnd
Sjølvstendig næringsverksemnd dokumenterer du med utskrift frå Einingsregisteret (Brønnøysundregistera).
Læretid
Læretid i bedrift dokumenterer du med fagbrev, sveinebrev eller vitnemål. Viss du ikkje har dette, må du dokumentere læretid med attest frå arbeidsgjevar.
Viss du har hatt utvida læretid, må du dokumentere dette med arbeidsattest.
Frivillig arbeid
Uløna frivillig arbeid dokumenterer du med attest der det står:
startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
fullt namn til bedrifta og
fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
dato for utferding av dokumentet
Omsorgsarbeid
Omsorgsarbeid dokumenterer du med:
bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og barn som viser at de har budd på samme adresse, eller
attest fra lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.
Rangering
Søkjarar med godkjend realkompetanse bli skjønnsmessig vurdert i forhold til søkjarar som dekkjer dei formelle opptakskrava. Om søkjaren ikkje når opp i konkurransen vil ein bli sett på venteliste.