Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

-Studietida opplevast som den desidert beste tida av livet og eg nyter kvart einaste sekund!

Emma Solli

Tips til studenter:
Møt opp til undervisning, ta gode notater og reis på skulen og ikkje minst – ver sosial, ta gode pauser i kantina og tenk på universitetet som ein sosial og hyggelig møteplass, ikkje bare som «skulen». Det er mitt beste tips – det er betre å møte opp på skulen og få gjort litt istedenfor ingenting!

Emma Solli

Sosiologi, bachelor

Hvorfor valgte du dette studiet?
Eg valde dette studiet fordi eg ser på dette som eit studie med uendelige mogelegheiter. Det er eit veldig åpent studie der ein kan byggje på med mange ulike masterar. Det er eit studie som gjer deg tid til å tenkje mens vegen formar seg, så dersom ein er litt usikker på akkurat kva ein vil bli er dette eit perfekt studie – i tillegg er det jo veldig interessant. I utgangspunktet valde eg dette studiet fordi eg ikkje kom inn på lektorstudiet eg opprinnelig ville. Via veiledning på UiA fant eg ut av det var mogeleg å ta master i sosiologi og deretter ta PPU for å bli lektor på den måten. I tillegg hadde eg tatt eit år med spesialpedagogikk og eit årsstudium med engelsk – og dette studiet ga mogelegheit for meg til å fylle inn 2.året på bacheloren i sosiologi med eit av desse årsstudiuma, som då tilsa at eg bare trengte 2 år for å skrive bacheloren - da blei valet ganske enkelt.

Hvordan foregår undervisningen?
Studiet har vore ganske variert med både undervisning via ZOOM og fysisk undervisning ettersom Corona-restriksjonane har endra seg. Stort sett går forelesningane ut på at ein forelesar holder foredrag frå powerpointar i ein forelesningssal der undervisninga varer i ca 2 timar. Etter endte forelesningar er det satt av tid til arbeid i kollokviegrupper, der ein arbeidar sammen om for eksempel stoff frå forelesninga eller med arbeidskrav som skal innleverast. Fyrste semesteret blir ein delt inn i grupper av foreleserar, der ein får mogelegheiten til å bli godt kjent med medstudentar og man får nokon og sparre med, diskutere med og lære sammen av og med. I andre semester er det meir lagt opp til at man dannar sine eigne grupper, noko som er veldig greit for da får ein mogelegheiten til å sjølv velje kven ein jobbar best samman med. Ellers er undervisninga også lagt opp til at det innimellom blir vist undervisningsrelaterte filmar som ein kan velje å møte opp på – dette er både lærerikt og sosialt.

Hvordan opplever du studietiden din ved UiA
Studietida opplevast som den desidert beste tida av livet og eg nyter kvart einaste sekund. Kristiansand er ein by der det er veldig lett å bli kjent med folk og danne eit nettverk. Alle studentar er like ivrige i å bli kjent med kvarandre og det merkar ein veldig godt på UiA. Nå har eg studert på UiA i snart 3 år og den tida har vore prega av mykje sosiale begivenhetar der eg har møtt veldig mange nye folk og stifta bekjentskaper som kjem til å vare livet ut. Som student på UiA er det lagt opp mange gode tilbud til oss som studentar, det er mange ulike studentorganisasjonar ein kan bli med på i forbindelse med for eksempel sport eller musikk – det er noko for alle. Sjølv benyttar eg meg av treningssenteret på spicheren som har god pris til oss studentar og er også ein plass der man kan møte andre medstudentar. Ellers har eg også meldt meg inn i Kristiansand pistolskyttere, som absolutt er å anbefale om man vil prøve noko nytt eller møte nye folk! Så alt i alt er studietida ved UiA veldig lærerik, sosial, variert, morosam og givande.

Hva er det viktigste du har lært hittil?
Det viktigaste eg har lært i forhold til studier hittil er at ein må lære seg ein heilt ny måte å lære seg stoff på. Det var ein stor omveltning frå vidaregåande å plutselig skulle stå på eigne bein og lære seg alt sjølv. Plutselig måtte ein kunne arbeide sjølvstendig og strukturert utan hjelp, det var litt utfordrande i starten. Men ettersom ein blir vant til å studere og får opparbeida gode vaner og rutiner går det veldig fint. Det viktigaste eg har lært i forhold til det sosiale er at ein må tørre å by på seg sjølv og virkelig gå inn for å bli kjent med folk. Fadderveka er gull verdt! 

Hvilke karrieremuligheter har du etter studiene?
Nesten kva som helst! Det er det som er så fint med detta studiet – mulighetane er undendelige! Ein kan ta master innanfor politikk, HR og ledelse, entrepenørskap, rådgivning, teknologi og ikkje minst mange ulike retningar innanfor sosiologifag. Så etter ein bachelor i sosiologi er rett og slett alle dører åpne!

Hva er drømmejobben din?
Lektor på vidaregåande skule er eit yrke eg lenge har hatt som mål å utdanne meg som og er ein jobb som verkar veldig spennande og fin. Eg ynskjer å bli lektor fordi det gjer deg mogelegheiter for å bu kor som helst i landet, med ei grei lønn og gode feriebetingelsar. Med ein master i sosiologi + 1 år med PPU får ein god bredde og djubde i faget sitt og gjer godt for å lære vekk faget på best mogeleg måte. I tillegg syns eg sosiologi er eit veldig spennande og interessant fag, og eit fagfelt som gjer mykje kunnskap som folk flest kan kjenne seg igjen i og relatere til, dermed trur eg også at faget er lettare å lære vekk til leie vidaregåande elevar.

Dersom det ikkje skulle bli lektorutdanning har eg også vurdert å ta master i rådgivningsvitenskap, som gjer deg mogelegheiter til å jobbe innan rådgivning eller HR og ledelse, som eg syns verkar veldig spennande!

Tips til studenter
Møt opp til undervisning, ta gode notater og reis på skulen og ikkje minst – ver sosial, ta gode pauser i kantina og tenk på universitetet som ein sosial og hyggelig møteplass, ikkje bare som «skulen». Det er mitt beste tips – det er betre å møte opp på skulen og få gjort litt istedenfor ingenting!