English version of this page

Tidleg svar

Søknadsfristen for å få eit tidleg svar på søknaden din er 1. mars. Du krysser av for tidleg svar i nettsøknaden.  

Søkjer du gjennom Samordna opptak

Tidleg svar: 20. mai.

Søkjer du gjennom Lokalt opptak

  • Tidleg svar for TRES, Y-vei, Forkurs for ingeniørutdanning og Realfagskurs for ingeniørutdanning: 20. mars.
  • Tidleg svar for andre studieprogram: 20. mai.

Du kan ikkje få tidleg svar om du søkjer bachelorprogrammene Academic e-sports, English og Global Development Studies i Lokalt opptak. 

Studium med opptaksprøve har ikkje tidleg opptak.

Nye studium har inga tidlegare poenggrense å måle søkjarar opp mot. Du får derfor normalt ikkje tidleg opptak til nye studium. 

Du må fylle alle opptakskrava på søknadstidspunktet. Du har derfor ikkje høve til å få eit tidleg svar viss du skal ta fag, kurs eller språktestar om våren.

Fullfører du utdanning etter søknadsfristen, kan du ikkje få tidlig svar.

For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet i fjor. Du kan normalt ikkje få tidleg svar dersom vi ikkje kan poengrekne søknaden din. 

For å søkje tidleg svar må du dokumentere minst éin av desse grunnane:

 

  • Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon. Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.
  • Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.
  • Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.
  • Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Høyr fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine. Viss ikkje, dokumenterar du behovet med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du må sende dette per post til sakshandsamar. Adressa finn du i søknaden din.
  • Du må søkje opphaldsløyve for å studere. Dette dokumenterar du med ein kopi av opphaldskort eller relevante sider i passet. Dette gjeld kun søkjarar med mellombels opphaldsløyve eller søkjarar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.
Publisert 11. mars 2024 - Sist endret 19. apr. 2024