Realkompetanse

Realkompetanse er den kunnskapen og dei erfaringane du har skaffa deg gjennom lønna arbeid eller gjennom arbeid utan lønn. Erfaringa må vere retta mot det studiet du ønskjer å søkje opptak på.

Du kan ikkje få opptak med realkompetanse som grunnlag viss du har formell kompetanse (dekker opptakskrav/kravet til utdanning).

Realkompetanse:

  • 25 år
  • 5 års praksis
  • Minst 3 av åra må vere relevant praksis
  • Krav om norsk- og engelskkompetanse
  • Nokre studier har fagkrav 

  Søknadsfrist for realkompetansesøknad er 1. mars.

    Hva er realkompetanse?

    Søkjarar som fyller 25 år i søknadsåret og manglar formell kompetanse, kan søkje realkompetansevurdering.  Å bli kvalifisert for opptak utan formell kompetanse, stiller krav til svært god og relevant realkompetanse. Søknader om realkompetansevurdering blir behandla av fleire saksbehandlarar, og det blir gjort ei samla vurdering av den realkompetansen søkjaren har dokumentert. Sjølv om du får godkjend realkompetanse, betyr det ikkje at det svarer til nivået til søkjarar med formell kompetanse.   

    Det er opp til Universitetet i Agder å vurdere om kompetansen din er god nok. Om du tidlegare har fått opptak med realkompetanse, må du likevel sende inn all naudsynt dokumentasjon om du søkjar på nytt. 

    Krav til realkompetanse ved UiA

    Kryss av for realkompetanse som utdanningsbakgrunn i nettsøknaden din seinast 1. mars. I tillegg til utfylt og signert skjema for egenvurdering av realkompetanse (PDF) med eventuelle vedlegg, må du laste opp dokumentasjon på at du dekkjer følgende krav:

    Norsk- og engelskkunnskapar

    Du må dokumentere norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande andre klasse frå norsk vidaregåande skule, yrkesfagleg studieprogram. Søkjarar frå land utenfor dei nordiske landa må dokumentere norsk og engelsk tilsvarende kravet til generell studiekompetanse. 

    Spesielle opptakskrav og studiespesifikke krav 

    Nokre studieprogramm og emne har spesielle og studiespesifikke opptakskrav som også realkompetansesøkjarar må ha.

    Oversikt over spesielle og studiespesifikke opptakskrav (PDF).

    Krav om praksis til grunnstudier

    Søkarar skal dokumentere praksis tilsvarande 5 års fulltids yrkespraksis. Minimum 3 av dei 5 åra må vere relevante i høve til det studiet det vert søkt opptak til. Inntil 2 av dei 5 åra kan dokumenterast med uløna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller liknande. For oversikt over eksempel på relevant praksis til dei ulike fagområda gjeldande for grunnstudiar, sjå 1.1 g) i Utfyllande reglar for realkompetansevurdering (PDF).

    Krav om praksis til studier på master- og påbyggingsnivå

    For å erstatte eitt års studium, krevst relevant arbeidserfaring tilsvarande 100 prosent stilling i minst tre år. Dersom delar av arbeidsoppgåvene ikkje er vurdert som relevante ut frå kriteria i punkt 3.1.b) i Utfyllande reglar for realkompetansevurdering (PDF), aukar kravet til omfang. Arbeidserfaringa skal vere frå leiande stillingar eller andre stillingar med sjølvstendig ansvar.

    For å bli vurdert for opptak til masterprogram på grunnlag av realkompetanse, må søkarar ha minst 90 studiepoeng relevant utdanning.

    Slik søker du på grunnlag av realkompetanse

    Kryss av for realkompetanse som utdanningsbakgrunn i nettsøknaden din seinast 1. mars. Last opp

    • utfylt og signert egenerklæring med eventuelle vedlegg.
    • dokumentasjon på
      • praksis
      • norsk-/engelskkompetanse
      • eventuelle spesifikke krav

    Slik dokumenterer du arbeidspraksis

    Løna arbeid

    Løna arbeid dokumenterer du med arbeidsattest der det står:

    • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
    • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
    • fullt namn til bedrifta og
    • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
    • dato for utferding av dokumentet

    Sjølvstendig næringsverksemnd

    Sjølvstendig næringsverksemnd dokumenterer du med utskrift frå Einingsregisteret (Brønnøysundregistera). 

    Læretid

    Læretid i bedrift dokumenterer du med fagbrev, sveinebrev eller vitnemål. Viss du ikkje har dette, må du dokumentere læretid med attest frå arbeidsgjevar. 

    Viss du har hatt utvida læretid, må du dokumentere dette med arbeidsattest.

    Frivillig arbeid

    Uløna frivillig arbeid dokumenterer du med attest der det står:

    • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
    • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
    • fullt namn til bedrifta og
    • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
    • dato for utferding av dokumentet

    Omsorgsarbeid

    Omsorgsarbeid dokumenterer du med:

    • bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og barn som viser at de har budd på samme adresse, eller
    • attest fra lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.

    Rangering

    Søkjarar med godkjend realkompetanse bli vurdert i søkjarar som dekkjer dei formelle opptakskrava, men vil ikkje få ein poengsum. Om du ikkje når opp i konkurransen vil du bli sett på venteliste.

    Publisert 11. mars 2024 - Sist endret 17. apr. 2024