Poengberegning og poenggrenser

Poenggrensene angir poengsummen til den søkjaren med lågast poengsum som kom inn ved førre opptak. Det finst ikkje poenggrenser for nye studieprogram.

Ei poenggrense er aldri bestemd på førehand, men blir avgjord av fleire faktorar som til dømes talet på søkjarar, poengsummen til dei ulike søkjarar og endring i talet på studieplassar. Poenggrensene kan derfor variera frå år til år.

Poengberegning

Grunnstudium og TRES

For meir informasjon, sjå sidene til Samordna opptak.

Master og påbyggingsstudium

Mange av våre masteprogram krev eit vekta gjennomsnitt av heile vitnemålet, eller av fordjupinga. Meir informasjon om hva som gjelder for ditt studium finn du på denne sida (MANGLER LENKE). 

Kvar bokstavkarakter har eigen verdi. A = 5, B = 4, C = 3, D = 2, E = 1. 

Karakteren "Bestått2 teller ikkje med ved berekning av vekta gjennomsnittskarakter. Vitnemål med kun karakteren "Bestått" vurderes individuelt.

Karakterar frå utvekslingsopphald teller ikkje med ved beregning av vekta gjennomsnittskarakter. Du får 0,1 tilleggspoeng pr. 25 studiepoeng.

Det gis 0,1 tilleggspoeng pr. år for relevant praksis etter avslutta utdanning som utgjør søkerens opptaksgrunnlag, maksimalt 0,2 poeng. Det gis ikkje tilleggspoeng for eventuell praksis som inngår i opptaksgrunnlaget.

Vekta gjennomsnitt: Du multipliserer kvar talverdi med mengden studiepoeng. Summen av desse deles på den totale mengden studiepoeng. 

For vitnemål med bokstavkarakterar vil kravet til C vere tilfredsstilt når poengsummen er 2,50 eller høgre (gjeldande frå opptak hausten 2018). 

For vitnemål med talkarakterar vil kravet til C vere tilfredsstilt når poengsummen er 2,95 eller betre (gjeldande frå opptak hausten 2018). 1.0 er den høgste karakteren og 4.0 den laveste. 

Y-veien

For poengberekning bruker vi alle karakterar frå VG1 og VG2 (grunnkurs og VK1) som er på vitnemål/kompetansebevis. Du kan òg få 2 alderspoeng frå det året du fyllar 20, totalt 8 poeng. Du kan få 2 poeng for fyrstegongsteneste, folkehøgskule eller høgre utdanning. Kvinnelige søkjarar får 2 tilleggspoeng.

Forkurs

Søkjarar til forkurs blir rangerte i følgjande grupper:

a) Søkjarar med fullført Vg1 og Vg2 frå andre studieretningar i vidaregåande skule enn studieførebuande retningar, søkjarar med godkjent fagbrev eller sveineprøve og søkjarar med generell studiekompetanse.

b) Søkjarar med fullført grunnskule og minst 5 års praksis, eventuelt ein kombinasjon av arbeidserfaring og utdanning frå vidaregåande skule på til saman 5 år.

Kvar gruppe får ein del av elevplassane som svarer til andelen av søkjarar. Innanfor kvar gruppe blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakter frå høvesvis vidaregåande skule og grunnskule, multiplisert med 10.

Det blir gitt tilleggspoeng for inntil 3 års yrkespraksis med 0,3 poeng pr. månad for 100 % stilling. Som yrkespraksis blir også militærteneste rekna, sivilteneste, omsorgsarbeid i heimen og skulegang ut over minstekravet. Avlagt fagbrev eller sveineprøve gir 3 tilleggspoeng. Ved poenglikskap blir det prioritert underrepresenterte kjønn.

Publisert 11. mars 2024