Dispensasjon

Dersom du ikkje er i stand til dekkje krava til generell studiekompetanse, kan det gjerast unntak i heilt spesielle tilfelle. Det vil seie at du kan få opptak sjølv om du ikkje dekkjer opptakskrava.

Merk at dispensasjon og særskilt vurdering ikkje er det same. Dispensasjon søkjer du om dersom du ikkje er i stand til dekkje krava til generell studiekompetanse, men for å få særskilt vurdering må du ha generell studiekompetanse (og eventuelle spesielle opptakskrav).

Meir informasjon om dette finn du på Samordna opptak sine sider.

Søknad

Ved søknad om dispensasjon skal du ikkje krysse av for spesiell vurdering. Det finns ikkje eiget skjema for ei slik søknad. Du må sjølv skrive ei begrunnelse for kvifor du har behov for dispensasjon. 

Krav til dokumentasjon

Søkjar må dokumentera i kvart enkelt tilfelle at søkjaren på grunnlag av varig sykdom, funksjonshemming eller liknande ikkje har vore i stand til å fullføra krava til generell studiekompetanse. Dei faglige forutsetningane for å fullføre studiet må og dokumenterast. Ein eventuell dispensasjon gjeld kun for det enkelte studium, ved fleire alternativar må man dokumentera behovet ved dei ulike studia.

Viss dokumentasjonen inneheld sensitive opplysningar, til dømes legeattest, må dokumentasjonen sendast per post til:

Universitetet i Agder
Opptak
Postboks 422
4604 Kristiansand

Publisert 11. apr. 2024 - Sist endret 11. apr. 2024