Studieplan

Haust 2023

Vel studieretning for å se emne

Vår 2024

Vel studieretning for å se emne

Haust 2024

Vel studieretning for å se emne

Vår 2025

Vel studieretning for å se emne

Haust 2025

Vel studieretning for å se emne

Vår 2026

Vel studieretning for å se emne

Haust 2026

Breddeenhet 60 sp

  • BREDDE60 Mulige breddevalg publiseres senere Emneside manglar 60 stp

Vel studieretning for å se emne

Haust 2027

Vel studieretning for å se emne

Alle variantar av Examen facultatum (EX-102, EX-104, EX-105) blir godkjende, men EX-102 Examen facultatum humanioravariant blir anbefalt.

Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2 går annakvart år, medan Skolebibliotekkunnskap 3 går kvart år. Det er berre fordjupinga i programmet (Skolebibliotekkunnskap 1-3) som er organisert som nettstudium og deltidsstudium. Emna i breiddeeininga og andre emne vil vanlegvis gå på fulltid. I og med at fordjupinga er emne som går på deltid, og ein dermed kan ta andre emne parallelt om ein er fulltidsstudent, vil det variere noko frå student til student kor lang tid det tek å fullføre bachelorprogrammet i skolebibliotekkunnskap.

Kva lærer du?

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført studium skal kandidaten

  • ha brei kunnskap om skolebiblioteket si rolle som lærings- og danningsarena i eit fleirkulturelt og teknologisk samfunn

  • kjenne til sentrale tema innan mediekunnskap og nyare barne- og ungdomslitteratur

  • ha kunnskap om feltet informasjonskompetanse: informasjonssøk, kjeldevurdering, lesing av ulike teksttypar og bruk av informasjon i eiga kunnskapsdanning

  • ha oversikt over nyare forsking om leseutvikling

  • ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp for kunnskapsorganisasjon og drift av skolebibliotek

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal kandidaten

  • kunne analysere og vurdere skjønnlitterære og sakprega tekster

  • ha grunnleggjande ferdigheiter i litteraturformidling og lesestimulering

  • ha grunnleggjande ferdigheiter i søk, vurdering og bruk av informasjon

  • kunne administrere og drifte eit skolebibliotek

  • kunne gjere didaktiske og metodiske vurderingar når det gjeld bruk av bibliotek og læringsressursar i skolen

  • kunne reflektere over og vise korleis skolebiblioteket kan nyttast i elevane sitt arbeid med å utvikle lesestrategiar

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal kandidaten

  • kunne formidle vidare kunnskapane sine om ulike typar tekst, leseutvikling og informasjonskompetanse

  • kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet

  • kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena

Studentane skal òg ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med breiddeeininga dei har valt.

Oppbygging og gjennomføring

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

For å få innpassingsopptak til 3. studieår i bachelorprogrammet må halvårsenhetene Skolebibliotekkunnskap 1 og 2 være bestått.

Generell skildring av studiet

Bachelorprogrammet i skolebibliotekkunnskap gir kunnskapar om skolebiblioteket som ressurs i elevane si fag- og allmenndanning, om informasjonskompetanse og om utvikling av elevane sine lesestrategiar i arbeid med fagtekster og fiksjonstekster.

Studiet er et bachelorprogram med fordjupningseining på 90 sp. Fordjupingsdelen i programmet er eit nettbasert deltidsstudium med samlingar. Ex.phil., ex.fac., fritt valt emne og breiddeeininga tar ein som ordinære studium ved UiA eller ved ein annan lærestad (krav om godkjenning).

Følgjande emne inngår i ei fordjuping på nivå 1:

SK-100 Skolebibliotekkunnskap 1 (30 sp)

SK-101 Skolebibliotekkunnskap 2 Barne- og ungdomslitteratur (30 sp)

Følgjande emne inngår i ei fordjuping på nivå 2:

SK-200 Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling (15 sp)

SK-201 Skolebibliotekkunnskap 3: Bacheloroppgåve (15 sp)

Breiddeeining/val:

Som breiddeeining vel studentane mellom ei rekke relevante årsstudium og emnegrupper. Ein vel anten årsstudium (60 sp), 2 breiddeeiningar à 30 sp, eller éi breiddeeining på 30 sp og 30 sp fritt valde emne. For studentar som ønskjer å arbeide i skolen, kan det vere nyttig å ta eit skolefag (60 sp) som breiddeeining.

Berekraftskompetanse:

Studieprogrammet gir kompetanse med relevans for følgjande berekraftsmål:

  • God utdanning: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og framme moglegheiter for livslang læring for alle

  • Fred, rettferd og velfungerande institusjonar:Framme fredelege og inkluderande samfunn for å sikra berekraftig utvikling, sørga for tilgang til rettsvern for alle, og bygga velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

  • Likestilling: Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling i samfunnet

Undervisnings-og læringsformer

Fordjupingseininga (90 sp) er lagt opp som eit nettbasert deltidsstudium. I tillegg vil det bli arrangert samlingar. Det er lagt vekt på at studentane skal møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer gjennom bachelorprogrammet, slik som skriftleg førelesing og rettleiing, skjermopptak i undervisning og rettleiing, videoførelesingar, webinar, og anna.

Eit praksisarbeid inngår i Skolebibliotekkunnskap 1. Det har omfang tilsvarande ei arbeidsveke.

Vurderingsformer

Aktuelle vurderingsformer i fordjupingsdelen er skriftleg eksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve, mappeeksamen og bacheloroppgåve.

Internasjonalisering

I bachelorprogrammet kan det leggjast til rette for å studere ved ein av universitetet sine samarbeidsinstitusjonar i utlandet, jf. universitetet sine nettsider om moglegheiter for utveksling. Utanlandsopphaldet bør ein ta i tilknyting til dei valfrie emna.

I alle emna er det innslag av internasjonal pensumlitteratur, mest nordisk i Skolebibliotekkunnskap 1 og 2, og mest amerikansk i Skolebibliotekkunnskap 3. Særleg Sverige og USA er føregangsland på dette fagfeltet, og blir trekte inn også i eksempelstoff i undervisninga.

Undervisningsspråket er norsk.

Vilkår for å gå vidare i studiet

Skolebibliotekkunnskap 1 og 2 må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen på påbygginga Skolebibliotekkunnskap 3. I påbygginga må SK-200 vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen i SK-201.

Yrkesmoglegheiter og vidare utdanning

Studiet gir god bakgrunn for arbeid med bibliotek, litteratur og informasjonskjelder i grunnskole og vidaregåande opplæring, og vidare for arbeid med formidling og pedagogisk tilrettelegging i folkebibliotek.

Studieprogrammet er godkjent som grunnlag for opptak på masterprogram i bibliotek- og informasjonsvitskap på OsloMet og masterprogram i medie- og dokumentasjonsvitskap på Universitetet i Tromsø.

Fører til grad

Bachelor i skolebibliotekkunnskap

Studentevaluering

Studieevaluering blir gjennomført i forbindelse med samling.

Kontaktperson

For ytterlegare informasjon, kontakt studierettleiar Anne M. Foss (38 14 10 33, anne.m.foss@uia.no). eller studiekoordinator Ingeborg E. Fredwall (38 14 10 92, ingeborg.e.fredwall@uia.no).

Andre opplysningar

Det vert stilt krav om at alle studentar ved UiA har eigen berbar datamaskin til bruk i undervising og eksamen, jf. forskrift om studier og eksamen ved Universitetet i Agder § 12d.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 18:25:44