12 tips til erfaringar du kan få som student

Vi gir deg 12 tips på korleis du kan få erfaring gjennom studietida, som styrker din kompetanse til arbeidslivet.

Bildet kan inneholde: hånd, gest, øyeblikksbilde, begivenhet, funksjonær.
Foto: UiA

Det er ikkje alltid lett å vete kva kompetanse som eignar seg i arbiedslivet, eller korleis du kan skaffe deg denne. Som student tenker ein kanskje at ein får kompetansen arbeidslivet etterspør gjennom studiane. Utdanning er viktig, men det er også viktig å vete at arbeidsgivarar ikkje berre er ute etter fagkompetansen du får på studiet, men også kven du er som person og korleis du kan bidra på arbeidsplassen.

Erfaringane du har opparbeida deg gjennom studietida kan komme godt med når du søker jobb og konkurrerer med ei rekkje andre kandidatar. Då kan du ikkje berre vise til fagkunnskapane dine, men også andre eigenskapar og ferdigheiter. Disse 12 tips vil fortelje deg korleis du kan få erfaring gjennom studietida, som styrker din kompetanse til arbeidslivet.

 

1. Ha sommarjobb eller deltidsjobb

Kanskje den aller mest openberre staden ein kan få nye erfaring er å faktisk ha ein jobb. Det kan enten vere ved sida av studiane eller i feriar. I absolutt alle jobbar får du erfaring som du kan ta med deg vidare i arbeidsliv til dømes kunnskap om arbeidslivet, korleis ein er som kollega og samarbeide med andre. Derfor treng ikkje jobben alltid å vere direkte relevant. Viss du likevel er så heldig at du veit kva du ynskjer å jobbe med, kan du prøve å skaffe deg dei erfaringane og ferdigheitene du veit vil lønne seg for deg.

2. Samarbeid med arbeidslivet

Det kan komme godt med å knytte kontaktar med arbeidslivet i løpet av studietida. Ved å delta på ulike arrangement og foredrag som arbeidslivet eller studentforeiningar arrangerer, utvidar du ditt nettverk og blir kjent med framtidige relevante arbeidsgivarar. Det kan opne opp for å kunne samarbeide om oppgåver, praksis eller i andre samanhengar til dømes i forbindelse med eit arrangement som du er med på å planlegge. 

UiA Kompetansetorget er UiA sin samarbeidsportal mellom studentar og arbeidslivet der du kan finne jobbar, praksis og oppgåver. Gjennom slike samarbeid kan ein også knytte kontaktar som kan komme godt med når du søker fast jobb. Du kan også få erfaring med korleis det er å jobbe på arbeidsplassen der og korleis du skal samarbeide med dei tilsette.

3. Engasjer deg i studentforeiningar

Ein kan ofte høyre om viktigheita ved å engasjere seg som student. I studentforeiningar er du ein del av eit større miljø der du blir kjent med mange andre studentar og jobbar saman for å nå felles mål. Der kan du få mykje erfaring med å jobbe og samarbeide med andre studentar, noko som er ein etterspurt kompetanse i arbeidslivet. I tillegg kan du få erfaring med korleis det er å drive ein organisasjon der du kan ha ulike roller og arbeidsoppgåver til dømes å lede eit styre, sette opp budsjett, lage innhald til sosiale medium eller planlegge aktivitetar. Du vil også få moglegheit til å bli kjent med studentar på tvers av studiar.

Finn meir informasjon om ulike linjeforeiningar og studentaktivitetar på STA sine nettsider. 

4. Jobb som frivillig

Det er ikkje alltid like lett å få seg betalt jobb før ein er ferdig med studiane, men det vil vere mogleg å jobbe frivillig i ulike samanhengar. Mange organisasjonar har ulike prosjekt og aktivitetsgrupper der ein ofte arbeider med menneske og barn. Festivalar og andre midlertidige arrangement har også eit behov for frivillige arbeidarar for kunne drifte det. Der kan du få erfaring om til dømes korleis det er å jobbe med mange ulike menneske, drive ein organisasjon og koordinere arbeidsoppgåver. Det å jobbe med frivillig arbeid fortel mykje om kven du er som person og din motivasjon for å arbeid og hjelpe andre.

Vel gjerne et verv eller frivillig arbeid som engasjerer og motiverer deg til å gjere ein innsats. Er du indre motivert, blir arbeidet gøy og du oppnår betre resultat. Du kan også styrke nettverket ditt samt få nyttige erfaringar som du kan bruke som dømer for å vise arbeidsgivaren din relevant kompetanse. 

5. Utvikle ein forretningsidé

Kanskje du har ei lita grunderspire i deg, og har alltid hatt eit ynskje om å starte din eigen bedrift? Ved å utvikle ein idé til ei bedrift viser du at du er ein person som satsar på dine draumar, og jobbar for å realisere dei. Gjennom arbeidet vil du få ei unik evne til å leie og styre ei verksemd, og prosessar for å utvikle den. Dette kan gi deg innsikt i korleis ei bedrift fungerer, kva roller og arbeidsoppgåver som er nødvendig, og korleis ein skal skape ein arbeidsplass der tilsette kan trivast. Desse eigenskapane og ferdigheitene er noko arbeidsgivarar set stor pris på. Det viser også eit stort engasjement og lyst for å arbeide for å nå nokre mål, noko som er viktig for motivasjonen din når du startar i ein jobb.

Dersom du har ein forretningsidé som du ynskjer å realisere, men ikkje veit kor du skal starte, kan du kontakte UiA Nyskaping. Der vil du få støtte og hjelp til å utvikle bedrifta di.

6. Delta på arrangement og foredrag

Både næringslivet, studentforeiningar og andre organisasjonar arrangerer fleire arrangement, foredrag, bedriftspresentasjonar, workshops og kurs som du kan delta på. Der får du moglegheit til å lære noko nytt, finne dine interesser, møte nye menneske og utvide ditt nettverk. Gjennom desse arrangement kan du opparbeid deg kunnskap om tema som er relevant for arbeidslivet som du seinare kan jobbe med.

7. Snakk med andre erfarne

Sjølv om du kan gjere mykje for å skaffe deg erfaringar som er nyttige i arbeidslivet, er det også mange andre som sit med erfaringar du kan dra nytte av. I ulike samanhengar vil du møte menneske du kan lære av, og det gjelder å vere nysgjerrig og vise interesse ovanfor desse. Du få eit stort utbytte av å snakke med dei rundt deg som du møter på vegen.

UiA Alumni sine arrangement får du moglegheit til å snakke med andre tidlegare og noverande studentar om deira erfaringar og tips. Du kan også møte tilsette i arbeidslivet og andre erfarne gjennom å delta på ulike arrangement. 

8. Delta på utveksling

I løpet av studietida har dei aller flest moglegheit til å reise på utveksling. Dette vil for mange vere å trø utanfor komfortsona si. Det kan likevel være lurt å gripe tak i dei moglegheitene ein får sjølv om det kan verke utfordrande. Ved å reise på utveksling viser du at du er sjølvstendig og eventyrlysten samt at du kjem til å lære mykje nytt om deg sjølv og andre menneske og kulturar. Du får også erfaring med korleis du tilpassar deg nye grupper og å bli kjent med menneske relativt raskt. I tillegg vil utdanninga i utlandet på mange måtar vere annleis enn du er van til heime i Norge. I løpet av utvekslingsopphaldet vil du dermed bli kjent med andre læringsmetodar og vurderingsformer enn du har hatt før. 

9. Utforsk ulike arbeidsmetodar

Når ein først startar å jobbe kan ein oppdage at dei tilsette er van med bestemte arbeidsrutinar og -metodar ein nyttar på jobben. Som student må du lære deg mykje nytt på relativt kort tid, og du må derfor utforske ulike arbeidsmetodar i løpet av studiet. Dette kan vere alt frå presentasjonar, oppgåveskriving, skriftleg eksamenar, innhenting og analysering av data. Erfaringar frå ulike metodar å arbeide på kan vere nyttig å ta med seg inn i arbeidslivet. Dette kan vere noko dei andre tilsette ynskjer å lære meir om frå deg.

10. Arbeid i grupper

Ein av dei eigenskapane som mange arbeidsgivarar er ute etter og som vil egne seg i alle typar jobbar, er å arbeide godt saman med andre menneske. Det å jobbe i grupper er noko ein absolutt kan bli god på medan ein studerer. Det kan anten vere å jobbe med gruppeoppgåver eller å øve til eksamen saman. I tillegg til å få erfaring med å arbeide i grupper lærer ein mykje om samarbeid, konflikthandtering, relasjonar med menneske og arbeidsfordeling i eit felles prosjekt.

11. Lær deg noko nytt

Det er ikkje berre gjennom studiar, forelesning og lærebøker du kan få kunnskap som du kan bruke i arbeidskvardagen. Det finst også mykje ein kan lære seg sjølv ved å melde seg på kurs, sjå dokumentarserie eller lese artiklar og nyheiter. Gjennom dette kan ein få ny, aktuell input og innfallsvinklar til ditt fagfelt. Ved å ta initiativ til å lære deg noko sjølv viser du eit engasjement for det du interesserer deg for.

12. Dyrk hobbyen din

De aller fleste har ein hobby eller interesse dei likar ekstra godt å holde på med. Tru det eller ei så kan også dette gi deg erfaringar som arbeidslivet leiter etter. Det kan anten vere å redigere filmar, poste innlegg på sosiale media, vere saman med venner eller «game». Å dyrke din eigen hobby kan gi deg ferdigheiter og erfaringar som kan hjelpe deg i arbeidskvardagen og utføringa av arbeidsoppgåvene dine. Det fortel også meir om kven du er som person og at også brenn for noko utanom jobben, noko som kan telje positivt for arbeidsgivarar.

 

Dersom du savner noe i denne artikkelen eller har spørsmål, er du velkommen til å sende en mail til karriere@uia.no

Publisert 18. apr. 2024 - Sist endret 18. apr. 2024