English version of this page

Utdanningsplan

Målet med utdanningsplanen er å sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom deg som student og UiA. Utdanningsplanen er ein reiskap for å kunne planleggje heile studieløpet, samtidig som det skal gi UiA best mogleg føresetnader for å kunne planleggje undervisninga og følgje opp sine plikter ovanfor deg som student.

Rettigheter og plikter

Les og stadfest at du er inneforstått med Rettigheter og plikter dersom denne dukkar opp.

Utdanningsplanen inneheld føresegner om ansvara og forpliktingane til institusjonen overfor studenten, og forpliktingane til studentane overfor institusjonen og medstudentar. Frist for å stadfesta utdanningsplanen er normalt 1. september og 1. februar for høvesvis haust- og vårsemesteret. For enkelte EVU-tilbod kan det vera andre fristar. Dette får du informasjon om. Planen må stadfestast kvart semester.

På studentweb må du stadfesta følgande:

Eg er inneforstått med at avsnittet Rettigheter og plikter inneheld viktig informasjon som eg pliktar å gjera meg kjend med.
Eg er også inneforstått med at viktig informasjon frå universitetet kan komma som elektronisk post eller som elektronisk oppslag, og eg forpliktar meg til regelmessig å sjekka e-post på UiA-adressa og meldingane min gitt i Canvas.
Eg stadfestar også at eg er kjend med betydninga av studentevalueringa, og dermed moglegheita for å påverka studiekvardagen min.

Endringar i utdanningsplanen

Du kan gjere endringar i din utdanningsplan innen fastsette fristar. Nokre endringar kan du gjere sjølv, medan andre berre kan gjerast etter rettleiing. Informasjon om ditt studieprogram finn du i studieplanane. Dersom du vil avlegge eksamen i emne som ikkje inngår i din utdanningsplan, eller som du ikkje får godkjenning for, må du melde deg til desse emna utanom utdanningsplanen. Dersom du vil å ta studiet på deltid, må du kontakte studiekonsulent/ studierettleiar på ditt fakultet for å få utført endringane i utdanningsplanen. Permisjon kan innvilgjast etter skriftleg søknad. Merk at dersom du ikkje fyller progresjonskrav og intensjonen i høve til utdanningsplanen, kan dette få følgjer for din studierett, jfr. Forskrift om studier og eksamen ved Universitetet i Agder.

Hugs! Ta kontakt med studieveiledaren din ved fakultetet for å få oppdatert utdanningsplanen din ved endringar av studieforløp.

Frist for stadfesting av utdanningsplan

Fristen for å stadfeste utdanningsplanen er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Når semesteravgift er betalt og utdanningsplan stadfesta, sender vi semesterkvittering til den semesteradressa du har meldt inn i Studentweb.

Forventa arbeidsinnsats

Arbeidsinnsatsen for ein fulltidsstudent er forventa å tilsvare minimum 1600 timar per studieår.

Regelverk

Institusjonens aktivitet vert styrt av nasjonale lovar og forskrifter, samt reglement fastsett ved universitetet. Det er viktig at du gjer deg kjend med dei viktigaste lovar og forskrifter som gjeld. Les meir om regelverk.

Evaluering som del av kvalitetssystemet

Ved å stadfeste utdanningsplanen, pliktar du å ta del i universitetets evalueringar av emne og studieprogram. Les meir om evalueringar

Utskrift av utdanningsplan

Om du treng utskrift av utdanningsplanen din, bestill stadfesting via UiA Hjelp.
Bestilling av stadfesting

Publisert 29. jan. 2024 - Sist endret 1. juli 2024