English version of this page

Godkjenning av anna utdanning

Du kan søkje om godkjenning av emne (også breiddeeining) tatt ved UiA eller ved andre utdanningsinstitusjonar. Du må ha ein aktiv studierett ved UiA for å kunne søkje. Aktive studierettar ser du i Studentweb. For nye studentar vil studieretten normalt bli oppretta første veka i august. Emnar du ønskjer godkjent må vera fullført før du søkjer om godkjenninga.

Du søkjer via skjema Godkjenning og innpassing av anna utdanning. Søknadar blir behandla fortløpande. Det er særskild stor pågang ved semesterstart, så send inn søknaden så tidleg som mogleg. 

I søknaden må du oppgje kva for emne du ønskjer godkjent, og kva for UiA-emne du ønskjer erstatta. 

Vedlegg og dokumentasjon

Det er ikkje naudsynt å dokumentere emne tatt ved UiA. For emne frå andre utdanningsinstitusjonar må du leggje ved: 

  • Emneomtale
  • Pensumliste
  • Vitnemål/karakterutskrift (Ikkje naudsynt om du finn emne under 'Eksterne resultat' i Studentweb)

Det er søkjar sitt ansvar å hente inn, samt leggje ved naudsynt dokumentasjon til søknaden. Søknaden blir ikkje behandla før den er komplett. Saksbehandlar kan kontakte deg via e-post om noko er uklart eller manglar.

Svar på søknaden

Du som søkjar vil få skriftleg svar på om søknaden er innfridd eller ikkje, samt grunngjeving for eventuelt avslag. Vedtaket sendast til digital postkasse, har du ikkje dette vil vedtaket sendast i papirpost.

Vedtaket kan klagast på innan 3 veker etter at du har motteke svar.

Godkjenning av utanlandsk utdanning

Informasjon om utanlandske utdanningssystem og hovudprinsippa for godkjenning av dei mest vanlege gradane i studielandet:

HK-dir landdatabase for utanlandsk høgare utdanning

Oversikt over godkjende høgare utdanningsinstitusjonar og over utdanningssystem, samt karaktersystem i heile verda:

 

Publisert 29. jan. 2024 - Sist endret 4. juni 2024