Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Fagdidaktikk for grunnskolens trinn 5-10, 2-årig masterprogram
  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Forkunnskapskrav

Grunnskolelærarstudentar må ha fullført og bestått NO-158 Norsk for mellomtrinnet og NO-159 Norsk for ungdomstrinnet. Andre studentar må ha fullført og bestått grunnskolelærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk retta inn mot undervisning på trinn 5-10, eller allmennlærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk.

Innhald

Literacy dreier seg overordna sett om korleis vi skaper meining gjennom tekstar. Ettersom tekstar og medium stadig blir tettare integrert i samfunnsliv og personleg liv, blir literacy sentralt for personleg danning og deltaking i samfunnet og i demokratiske prosessar. Dette emnet set søkelyset på literacyomgrepet slik det kjem til uttrykk i multimodale (samansette) tekstar i ein medialisert kultur. Hovudvekta ligg på tekstar som blir brukt i norskfagleg læring, og vi drøftar korleis desse tekstane og læringsprosessane dei er ein del av, blir forma av kultur, teknologi og bruk.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere arbeid med multimodal literacy på 5-10. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha avansert kunnskap om multimodal literacy og kjennskap til aktuelle forskingsmetodar på feltet

  • ha avansert kunnskap om bruk av multimodale tekstar og medium i den andre lese- og skriveopplæringa

Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne bruke ulike modalitetar og medium i tilpassa undervisning for elevar med ulike føresetnader og behov

  • kunne vurdere multimodale elevtekstar og gi læringsfremjande tilbakemelding

  • kunne vurdere semiotiske, materielle og teknologiske aspekt ved analoge og digitale læringsressursar

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne orientere seg i og reflektere kritisk over relevant nasjonal og internasjonal forsking

  • kunne formidle og kommunisere om norskfaglege problemstillingar og ha profesjonsfagleg digital kompetanse

  • kunne bidra til utviklingsarbeid som fremjar didaktisk nytenking i norskfaget

Vilkår for å gå opp til eksamen

Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.

Grunnskolelærarstudentar må ha godkjend praksis. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere godkjend.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som seminar, presentasjonar, ekskursjonar og refleksjonar kring elevars tekstskaping og mediebruk i didaktisk kontekst. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.

Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.

Det inngår 25 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilgang for privatistar

Nei.

Eksamen

Munnleg individuell eksamen med bokstavkarakter. Eksamen skal innehalde ein multimodal presentasjon.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-405 – Norsk som skolefag og vitskapsfag 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 01:07:36