Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Norsk for barnetrinnet 1 gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7, med hovudvekt på dei lågaste trinna. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg den første lese- og skriveopplæringa. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Ein legg dessutan vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil få trening i akademisk skriving.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på 1.-4. trinn i grunnskolen. Observasjonspraksis i barnehagen vil gi innsikter som er viktige for begynnaropplæringa i norskfaget. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for det vidare arbeidet med emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi og morfologi

  • ha omfattande kunnskap om barns språkutvikling

  • ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn på dei lågaste skoletrinna

  • ha brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa

  • ha kunnskap om læremiddel for dei lågaste skoletrinna

  • ha kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på dei lågaste trinna i grunnskolen

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid på dei lågaste skoletrinna og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar

  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på dei lågaste skoletrinna

  • kunne bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk

  • kunne vurdere lese- og skriveferdigheiter på dei lågaste skoletrinna, og gi læringsfremjande respons til alle elevar

  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på dei lågaste skoletrinna

  • kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for dei lågaste trinna i skolen

  • ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på dei lågaste skoletrinna

  • ha vidareutvikla sine eigne språkferdigheiter, tekstkompetanse og formidlingsevne

  • kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på dei lågaste trinna i grunnskolen

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne legge til rette for at elevar på 1.-4. trinn utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer

  • kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar

  • kunne planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne på dei lågaste trinna i grunnskolen, og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val

  • kunne vurdere eigen praksis på dei lågaste skoletrinna med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Vilkår for å gå opp til eksamen

  • 70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet (inkludert fellerssamlingar). Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.

  • Beståtte obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.

  • Grunnskolelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.

Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.

Det inngår 20 dagar praksis for grunnskulelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, under føresetnad av ledig kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Godkjend lærarutdanning.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen med bokstavkarakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-140 – Norsk - emne 2 15
NO-140 – Norsk - emne 2 15
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 01:07:32