NO-500 Masteroppgåve
- Studiepoeng:
- 60
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk.
- Varigheit:
- 3 semester
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk.Forkunnskapskrav
Eksamen i NO-416 Litteraturteori eller NO-417 Språkteori, Fordjupningssemne 1 og Fordjupningsemne 2 må vere beståtte før oppgåva blir levert til sensur.
Innhald
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ein prosjektomtale. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 maskinskrivne sider.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane
Kunnskap
-
ha avansert kunnskap innanfor det tematiske området for oppgåva, inkludert tidlegare forsking
-
ha inngåande kunnskap om teori og metode innanfor området for oppgåva
Ferdigheiter
-
kunne planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
-
kunne skrive strukturert og argumenterande og nytta det vitskaplege apparatet korrekt
-
kunne vurdere og kritisere vitskapleg grunnmateriale, teoriar og metodar
Generell kompetanse
-
kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til å løyse problem i faglege og ikkje-faglege samanhengar
-
ha sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnmateriale og framstillingsform
-
kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både med spesialistar og til almenta
Vilkår for å gå opp til eksamen
Obligatorisk skrivekurs for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk veiledning.
Undervisnings- og læringsformer
Skriving av avhandling under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk). Obligatorisk veiledning: minimum 4 møter. Emnet har et forventa arbeidsomfang på 1600 timar.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Tilgang for privatistar
Nei.
Eksamen
Individuell skriftleg masteroppgåve og justernde muntlig (frå våren 2025. Til og med hausten 2024: Indivduell skriftleg masteroppgåve). Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 sider (Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på bokmål. Gradert karakter.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
Emne | Studiepoengreduksjon |
---|---|
NO-6670 – Hovedoppgave | 60 |
NO-6670 – Hovedoppgave | 60 |