Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Fagdidaktikk for grunnskolens trinn 1-7, 2-årig masterprogram
  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Forkunnskapskrav

Grunnskolelærarstudentar må ha fullført og bestått NO-155 Norsk for barnetrinnet 1, NO-156 Norsk for barnetrinnet 2 og NO-157 Norsk for barnetrinnet 3.

Andre studentar må ha fullført og bestått grunnskolelærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk retta inn mot undervisning på trinn 1-7, eller allmennlærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk.

Innhald

Literacy dreier seg overordna sett om korleis vi skaper meining gjennom tekstar. Ettersom tekstar og medium stadig blir tettare integrert i samfunnsliv og personleg liv, blir literacy sentralt for personleg danning og deltaking i samfunnet og i demokratiske prosessar. Dette emnet set søkelyset på literacyomgrepet slik det kjem til uttrykk i multimodale (samansette) tekstar i ein medialisert kultur. Hovudvekta ligg på tekstar som blir brukt i norskfagleg læring, og vi drøftar korleis desse tekstane og læringsprosessane dei er ein del av, blir forma av kultur, teknologi og bruk.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere arbeid med multimodal literacy på 1-7. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha avansert kunnskap om multimodal literacy og kjennskap til aktuelle forskingsmetodar på feltet

  • ha avansert kunnskap om bruk av multimodale tekstar og medium i begynnaropplæring og vidare arbeid med literacy

 Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne bruke ulike modalitetar og medium i tilpassa undervisning for elevar med ulike føresetnader og behov

  • kunne vurdere multimodale elevtekstar og gi læringsfremjande tilbakemelding

  • kunne vurdere semiotiske, materielle og teknologiske aspekt ved analoge og digitale læringsressursar

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne orientere seg i og reflektere kritisk over relevant nasjonal og internasjonal forsking

  • kunne formidle og kommunisere om norskfaglege problemstillingar og ha profesjonsfagleg digital kompetanse

  • kunne bidra til utviklingsarbeid som fremjar didaktisk nytenking i norskfaget

Vilkår for å gå opp til eksamen

Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart, jf. Forskrift om studier og eksamen § 16.

Bestått praksis.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.

Emnet legg opp til å arbeide med digitale verktøy som kan vere tenlege for språkundervisning på 1.¿ 7. trinn i grunnskolen.

Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.

Det inngår 25 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilgang for privatistar

Nei.

Eksamen

Munnleg individuell eksamen med bokstavkarakter. Eksamen skal innehalde ein multimodal presentasjon.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-405 – Norsk som skolefag og vitskapsfag 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 20:52:28