Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Fagdidaktikk for grunnskolens trinn 1-7, 2-årig masterprogram
  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Forkunnskapskrav

Grunnskolelærarstudentar må ha fullført og bestått NO-155 Norsk for barnetrinnet 1, NO-156 Norsk for barnetrinnet 2 og NO-157 Norsk for barnetrinnet 3.

Innhald

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg avansert kunnskap om litteratur og om litteraturfaget i skolen. Sentralt i emnet står arbeidet med barnelitteratur. Studentane skal få inngåande kunnskap om viktig forsking på barnelitteratur, og kunne sjå korleis ulike teoretiske innfallsvinklar kan gi ulike perspektiv på tekstane. Studentane skal også reflektere over vekslande syn på litteraturen si rolle i skolen. Gjennom arbeid med emnet skal studentane få avansert innsikt i litteraturundervisning, slik at samanhengen mellom teoretiske modellar og den praktiske bruken av desse blir tydeleg.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i språk på 1-7. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha avansert kunnskap om litteraturundervisning i begynnaropplæringa og vidare på barnetrinnet, og om litteraturdidaktikk i eit historisk perspektiv

  • ha avansert kunnskap om litteraturteori

  • ha avansert kunnskap om korleis ein kan tilpasse litteraturundervisninga til elevar med ulike føresetnader og behov

 Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne reflektere kritisk over litteraturens plass i skolens norskfag

  • kunne reflektere over forholdet mellom litteraturteori og didaktikk

  • kunne på eit avansert nivå analysere barnelitterære tekstar

  • kunne orientere seg i og bruke nasjonal og internasjonal forsking i eige arbeid med barnelitteratur

  • kunne analysere digitale tekstar og ressursar og kritisk vurdere bruken av dei

  • kunne på eit avansert nivå bruke vurdering i litteraturfaget slik at elevane blir bevisste si eiga læring og utvikling

Vilkår for å gå opp til eksamen

Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart, jf. Forskrift fom stuider og eksamen § 16.

Grunnskolelærarstudentar må ha godkjend praksis. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere godkjend.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.

Emnet legg opp til å arbeide med digitale verktøy som kan vere tenlege for litteraturundervisning på 1.-7. trinn i grunnskolen.

Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.

Det inngår 5 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Desse skal vere ei førebuing til praksisperioden i 8. semester.

Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilgang for privatistar

Nei.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, under føresetnad av ledig kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Fullført allmennlærarutdanning eller grunnskolelærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk retta inn mot undervisning på trinn 1-7.

Eksamen

Individuell heimeeksamen med bokstavkarakter. Valfri målform. Dei to målformene bokmål og nynorsk skal brukast på kvar sin skriftlege eksamen dette semesteret. Dersom ein vel å skrive bokmål på heimeeksamen i Barnelitteratur (NO-410), må ein skrive nynorsk på den skriftlege skoleeksamenen i Skrift og tale, språkleg mangfald i skolen (NO-409).

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-405 – Norsk som skolefag og vitskapsfag 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 20:52:27