NO-155 Norsk for barnetrinnet 1
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varigheit:
- 1 semester
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram
Undervisningsspråk
NorskInnhald
Norsk for barnetrinnet 1 gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7, med hovudvekt på dei lågaste trinna. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg den første lese- og skriveopplæringa. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Ein legg dessutan vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil få trening i akademisk skriving.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på 1.-4. trinn i grunnskolen. Observasjonspraksis i barnehagen vil gi innsikter som er viktige for begynnaropplæringa i norskfaget. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for det vidare arbeidet med emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
-
ha kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi og morfologi
-
ha omfattande kunnskap om barns språkutvikling
-
ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn på dei lågaste skoletrinna
-
ha brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
-
ha kunnskap om læremiddel for dei lågaste skoletrinna
-
ha kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på dei lågaste trinna i grunnskolen
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
-
kunne bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid på dei lågaste skoletrinna og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
-
kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på dei lågaste skoletrinna
-
kunne bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
-
kunne vurdere lese- og skriveferdigheiter på dei lågaste skoletrinna, og gi læringsfremjande respons til alle elevar
-
kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på dei lågaste skoletrinna
-
kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for dei lågaste trinna i skolen
-
ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på dei lågaste skoletrinna
-
ha vidareutvikla sine eigne språkferdigheiter, tekstkompetanse og formidlingsevne
-
kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på dei lågaste trinna i grunnskolen
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
-
kunne legge til rette for at elevar på 1.-4. trinn utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
-
kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar
-
kunne planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne på dei lågaste trinna i grunnskolen, og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
-
kunne vurdere eigen praksis på dei lågaste skoletrinna med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Vilkår for å gå opp til eksamen
-
70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet (inkludert fellerssamlingar). Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.
-
Beståtte obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.
-
Grunnskolelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.
Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.
Det inngår 20 dagar praksis for grunnskulelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, under føresetnad av ledig kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Godkjend lærarutdanning.
Eksamen
Individuell munnleg eksamen med bokstavkarakter.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
Emne | Studiepoengreduksjon |
---|---|
NO-140 – Norsk - emne 2 | 15 |
NO-140 – Norsk - emne 2 | 15 |