NO-158 Norsk for mellomtrinnet
- Studiepoeng:
- 30
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varigheit:
- 1 semester
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10, 5-årig masterprogram
Undervisningsspråk
NorskInnhald
Norsk for mellomtrinnet skal førebu studentane til norskundervisning for trinn 5-10, med vekt på mellomtrinnet. Emnet gir innføring i språklege og litterære emne, tekstval, fagdidaktisk kunnskap og variert arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Ein legg dessutan vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil få trening i akademisk skriving.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på mellomtrinnet i grunnskolen. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for arbeidet med emnet på campus.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
-
ha omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk
-
ha kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
-
ha kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur
-
ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
-
ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
-
ha omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter
-
ha kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, med vekt på mellomtrinnet
-
ha kunnskap om relevant forsking- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og eit bevisst forhold til kva det vil seie å tenke vitskapleg i norskfaget
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
-
kunne analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling, særleg på mellomtrinnet
-
kunne bruke kunnskap om litteratur og språk i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
-
kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på mellomtrinnet
-
kunne vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
-
kunne legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
-
kunne kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar
-
kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på mellomtrinnet
-
kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for mellomtrinnet
-
meistre skriftleg nynorsk og bokmål og kunne undervise elevar i begge målformer
-
kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og ta i bruk slike kjelder i eige arbeid med emnet
-
ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på mellomtrinnet
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
-
kunne legge til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
-
kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar
-
kunne planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne på mellomtrinnet, og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
-
kunne vurdere eigen praksis på mellomtrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Vilkår for å gå opp til eksamen
-
70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet (inkludert fellesamlingar). Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.
-
Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.
-
Grunnskulelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.
Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.
Det inngår 20 dagar praksis for grunnskulelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 800 timar.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, under føresetnad av ledig kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Fullført lærarutdanning retta inn mot grunnskolen.
Eksamen
-
Ein individuell skriftleg eksamen under tilsyn på 6 timar med bokstavkarakter. Denne skal skrivast på bokmål.
-
Individuell mappeeksamen med bokstavkarakter. Alle arbeid i mappa inngår i grunnlaget for karakteren. Tekstane i mappa skal skrivast på bokmål og nynorsk. Til utsett eksamen må kandidaten gjennomføre ein individuell heimeeksamen på to dagar med bokstavkarakter. Denne skal skrivast på nynorsk
-
Individuell munnleg prøve med bokstavkarakter.
Dei tre eksamenane blir vekta likt i ein samla karakter.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
Emne | Studiepoengreduksjon |
---|---|
NO-160 – Norsk for mellom- og ungdomstrinnet | 20 |
NO-156 – Norsk for barnetrinnet 2 | 10 |
NO-157 – Norsk for barnetrinnet 3 | 10 |
NO-136 – Norsk - emne 1 | 10 |
NO-136 – Norsk - emne 1 | 10 |
NO-137 – Norsk - emne 1 | 10 |
NO-139 – Norsk - emne 3 | 10 |
NO-148 – Norsk - emne 3 | 10 |
NO-138 – Norsk - emne 2 | 5 |