ORG425 Organisasjonsteoretiske emner
- Studiepoeng:
- 10
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for samfunnsvitenskap
- Emneansvarlig:
- Gro Kvåle
- Undervisningssemester:
- Høst
- Undervisningsspråk:
- Norwegian.
- Varighet:
- 1 semester
Emnet er tilknyttet følgende studieprogram
Undervisningsspråk
Norwegian.Innhold
Emnet gjev ein grundig gjennomgang og går i djupna av ulike teoretiske perspektiv og forskingstradisjonar sine bidrag til forståing av fenomena organisasjon og organisering. Hovudperspektiva er det institusjonelle og det rasjonelt-instrumentelle. Spesifikke forskingstradisjonar innanfor desse perspektiva (som til dømes historisk institusjonalisme, klassisk institusjonalisme, nyinstitusjonalisme, skandinavisk institusjonalisme, contingency-teori m.m.) ligg til grunn for grundig presentasjon og drøfting av aktuelle tema knytt til moderne organisasjonar og organisering. Døme her kan vera sosial evaluering, makt, tillit, kommunikasjon m.m. Sentrale spørsmål er for det første kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar i høve til andre sosiale system som til dømes nettverk og institusjon. For det andre korleis ulike eksterne og interne kontekstar, strukturar og prosessar påverkar organisasjonsutforming. For det tredje korleis organisasjonar og organisering verkar inn på individuell og kollektiv handling, utfall av interne prosessar og organisasjonsresultat, og på omgjevnadene.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane:
-
ha grundig kunnskap om ulike overordna perspektiv og spesifikke teoriar om organisasjonar og organisering, og forstå likskap og ulikskap mellom dei
-
kunne kritisk reflektere over og diskutere teoriar og omgrep
-
forstå og diskutere korleis organisasjonar vert utforma
-
forstå og diskutere samband mellom organisering og utfall
-
kunne bruke teoriar og omgrep i empirisk analyse, til dømes i samband med masteroppgåve.
-
ha ei forståing av praktiske implikasjonar av teoriar om organisasjon og organisering
Vilkår for å gå opp til eksamen
Innlevering og presentasjon av førebudde innlegg.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminar med plenumsdiskusjonar, gruppearbeid og gruppepresentasjonar.
Studentevaluering
Studieprogramleier i samråd med studenttillitsvalgt fastset evalueringsform og om emnene skal ha midtveis- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Tilbys som enkeltemne
Ja. Med forbehold om ledig plass/kapasitet. Samme opptakskrav som for master.
Opptakskrav hvis tilbudt som enkeltemne
Opptakskrav er samme som for master i statsvitenskap og ledelse.
Eksamen
Heimeeksamen over 7 dagar.
Reduksjon i studiepoeng
Innholdet i dette emnet dekkes helt eller delvis av annet emne. Tas ett av disse emnene i tillegg, reduseres studiepoengene som følger:
Emne | Studiepoengreduksjon |
---|---|
ORG400 – Offentlig sektor i endring | 10 |