Undervisningsspråk

Norsk.

Forkunnskapskrav

Eksamen i NO-400/NO-416/NO-417 og i NO-209/NO-213 må vere beståtte før oppgåva blir levert til sensur.

Innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid, innan eit fagleg eller fagdidaktisk tema, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Oppgåva kan vere individuell eller del av eit samarbeidsprosjekt. Instituttet hjelper til med å formulere problemstillingar for oppgåva. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ei prosjektbeskriving. Omfanget av masteroppgåva er normalt 70-90 sider (Times New Roman, 12 pkt. 1,5 linjeavstand).

Læringsutbytte

Studentane skal

  • ha utvikla sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnlagsmaterial og framstillingsform

  • kunne nytte vitskapleg teori og metode

  • kunne gjennomføre eit forskingsprosjekt under rettleiing

Vilkår for å gå opp til eksamen

Obligatorisk skrivekurs og framleggingsseminar for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk rettleiing (3 møter).

Undervisnings- og læringsformer

Skriving av avhandling under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk). Obligatorisk rettleiing: minimum 3 møte. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 1200 timer.

Studentevaluering

Emneansvarleg i samråd med studenttillitsvalgt fastsett evalueringsform og om emnet skal ha midtveis- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Eksamen

Skriftleg masteroppgåve. Omfanget av masteroppgåva er normalt 70-90 sider (Times New Roman, 12 pkt. 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-400 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-400 er skrive på bokmål. Gradert karakter.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:37:22