Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk.

Forkunnskapskrav

Eksamen i NO-416 Litteraturteori eller NO-417 Språkteori, Fordjupningssemne 1 og Fordjupningsemne 2 må vere beståtte før oppgåva blir levert til sensur.

Innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ein prosjektomtale. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 maskinskrivne sider.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane

Kunnskap

  • ha avansert kunnskap innanfor det tematiske området for oppgåva, inkludert tidlegare forsking

  • ha inngåande kunnskap om teori og metode innanfor området for oppgåva

Ferdigheiter

  • kunne planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt

  • kunne skrive strukturert og argumenterande og nytta det vitskaplege apparatet korrekt

  • kunne vurdere og kritisere vitskapleg grunnmateriale, teoriar og metodar

Generell kompetanse

  • kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til å løyse problem i faglege og ikkje-faglege samanhengar

  • ha sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnmateriale og framstillingsform

  • kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både med spesialistar og til almenta

Vilkår for å gå opp til eksamen

Obligatorisk skrivekurs for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk veiledning.

Undervisnings- og læringsformer

Skriving av avhandling under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk). Obligatorisk veiledning: minimum 4 møter. Emnet har et forventa arbeidsomfang på 1600 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilgang for privatistar

Nei.

Eksamen

Individuell skriftleg masteroppgåve. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 sider (Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på bokmål. Gradert karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-6670 – Hovedoppgave 60
NO-6670 – Hovedoppgave 60
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:37:21