Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Norsk for mellomtrinnet skal førebu studentane til norskundervisning for trinn 5-10, med vekt på mellomtrinnet. Emnet gir innføring i språklege og litterære emne, tekstval, fagdidaktisk kunnskap og variert arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Ein legg dessutan vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil få trening i akademisk skriving.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på mellomtrinnet i grunnskolen. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for arbeidet med emnet på campus.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten

  • ha omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk

  • ha kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis

  • ha kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur

  • ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium

  • ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne

  • ha omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter

  • ha kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, med vekt på mellomtrinnet

  • ha kunnskap om relevant forsking- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og eit bevisst forhold til kva det vil seie å tenke vitskapleg i norskfaget

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling, særleg på mellomtrinnet

  • kunne bruke kunnskap om litteratur og språk i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar

  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på mellomtrinnet

  • kunne vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk

  • kunne legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium

  • kunne kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar

  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på mellomtrinnet

  • kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for mellomtrinnet

  • meistre skriftleg nynorsk og bokmål og kunne undervise elevar i begge målformer

  • kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og ta i bruk slike kjelder i eige arbeid med emnet

  • ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på mellomtrinnet

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne legge til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer

  • kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar

  • kunne planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne på mellomtrinnet, og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val

  • kunne vurdere eigen praksis på mellomtrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Vilkår for å gå opp til eksamen

  • 70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet (inkludert fellesamlingar). Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.

  • Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.

  • Grunnskulelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.

Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.

Det inngår 20 dagar praksis for grunnskulelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 800 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, under føresetnad av ledig kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Fullført lærarutdanning retta inn mot grunnskolen.

Eksamen

  • Ein individuell skriftleg eksamen under tilsyn på 6 timar med bokstavkarakter. Denne skal skrivast på nynorsk.

  • Ein individuell skriftleg heimeeksamen på 3 dagar med bokstavkarakter. Denne skal skrivast på bokmål.

  • Individuell munnleg prøve med bokstavkarakter.

 

Dei tre eksamenane blir vekta likt i ein samla karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-160 – Norsk for mellom- og ungdomstrinnet 20
NO-156 – Norsk for barnetrinnet 2 10
NO-157 – Norsk for barnetrinnet 3 10
NO-136 – Norsk - emne 1 10
NO-136 – Norsk - emne 1 10
NO-137 – Norsk - emne 1 10
NO-139 – Norsk - emne 3 10
NO-148 – Norsk - emne 3 10
NO-138 – Norsk - emne 2 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:37:10