Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk

Tilrådde forkunnskapar

NO-155 Norsk for barnetrinnet 1

Innhald

Norsk på barnetrinnet 2 gir eit utvida grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7, med hovudvekt på mellomtrinnet. Sentralt står fagleg og fagdidaktisk arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium. Ein legg særleg vekt på vidare lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Studentane skal utvikle sine eigne skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, og vidareutvikle eigen tekstkompetanse og formidlingsevne, også innan akademisk skriving.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på 5.-7. trinn i grunnskolen. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for det vidare arbeidet med emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på syntaks og tekstlingvistikk

  • ha kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis

  • ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium

  • ha noko kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur

  • ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge på mellomtrinnet

  • ha brei kunnskap om metodar i lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet

  • ha kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for mellomtrinnet

  • ha kunnskap om relevant forsking- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og eit bevisst forhold til kva det vil seie å tenke vitskapleg i norskfaget

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid på mellomtrinnet, og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar

  • kunne bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekster i ulike medium

  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på mellomtrinnet

  • kunne bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk

  • kunne kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar

  • kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter på mellomtrinnet, og gi læringsfremjande respons til alle elevar

  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på mellomtrinnet

  • kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for mellomtrinnet

  • meistre skriftleg nynorsk og bokmål og kunne undervise elevar i begge målformer

  • kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og ta i bruk slike kjelder i eige arbeid med emnet

  • ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på mellomtrinnet

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne legge til rette for at elevar på mellomtrinnet utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer

  • kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar

  • kunne planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne på mellomtrinnet, og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val

  • kunne vurdere eigen praksis på mellomtrinnet med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Vilkår for å gå opp til eksamen

  1. 70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet. Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.

  2. Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.

  3. Grunnskolelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.

Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.

Det inngår 15 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja. Med forbehold om ledig plass/kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Godkjend lærarutdanning retta inn mot grunnskolen.

Eksamen

To individuelle skriftlege eksamenar på 6 timar under tilsyn med bokstavkarakter. Den eine skal skrivast på nynorsk, den andre på bokmål. Dei to eksamenane blir vekta likt i ein samla karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-136 – Norsk - emne 1 15
NO-136 – Norsk - emne 1 15
NO-158 – Norsk for mellomtrinnet 10
NO-160 – Norsk for mellom- og ungdomstrinnet 10
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 02:41:49