Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Norsk som andrespråk og kulturkunnskap, halvårsstudium
  • Norsk som andrespråk og kulturkunnskap

Undervisningsspråk

Norsk.

Forkunnskapskrav

NO-141 eller NO-149 eller tilsvarande.

Innhald

Emnet byggjer vidare på nokre av dei språklige, litterære og didaktiske emna frå NO-141/149, men har større fokus på tilhøvet mellom språk, kultur og identitet, samt det å ha bakgrunn frå ein annan skrifttradisjon.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten skal etter gjennomført emne:

  • ha kunnskap om tilhøvet mellom språk, identitet og kultur

  • ha kunnskap om strukturar i nokre utvalde morsmål og norsk

  • ha kunnskap om ordtilfanget i norsk og korleis ein lærer ord

  • ha kunnskap om ulike skriftsystem og alfabetisering

  • ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i eit mangfaldsperspektiv

  • ha kunnskap om litteratur og medietekstar med fleirkulturell tematikk retta mot ungdom og vaksne 

Ferdigheiter
Studenten skal etter gjennomført emne:

  • kunne leggje til rette for innlæring av norsk som andrespråk

  • kunne leggje til rette for samtalar om identitet og kultur med utgangspunkt i litterære tekstar og andre tekstar frå ulike medium

  • kunne vurdere kartleggingsverktøy

Vilkår for å gå opp til eksamen

To godkjende arbeidskrav som blir gjort kjent ved semesterstart.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil skje i fem samlingar og består av førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja. Med atterhald om ledig plass/kapasitet.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-124 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap 2 15
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:37:06