Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Undervisningsspråk

Norwegian.

Innhold

Emnet gjev ein grundig gjennomgang og går i djupna av ulike teoretiske perspektiv og forskingstradisjonar sine bidrag til forståing av fenomena organisasjon og organisering. Hovudperspektiva er det institusjonelle og det rasjonelt-instrumentelle. Spesifikke forskingstradisjonar innanfor desse perspektiva (som til dømes historisk institusjonalisme, klassisk institusjonalisme, nyinstitusjonalisme, skandinavisk institusjonalisme, contingency-teori m.m.) ligg til grunn for grundig presentasjon og drøfting av aktuelle tema knytt til moderne organisasjonar og organisering. Døme her kan vera sosial evaluering, makt, tillit, kommunikasjon m.m. Sentrale spørsmål er for det første kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar i høve til andre sosiale system som til dømes nettverk og institusjon. For det andre korleis ulike eksterne og interne kontekstar, strukturar og prosessar påverkar organisasjonsutforming. For det tredje korleis organisasjonar og organisering verkar inn på individuell og kollektiv handling, utfall av interne prosessar og organisasjonsresultat, og på omgjevnadene.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane:

  • ha grundig kunnskap om ulike overordna perspektiv og spesifikke teoriar om organisasjonar og organisering, og forstå likskap og ulikskap mellom dei

  • kunne kritisk reflektere over og diskutere teoriar og omgrep

  • forstå og diskutere korleis organisasjonar vert utforma

  • forstå og diskutere samband mellom organisering og utfall

  • kunne bruke teoriar og omgrep i empirisk analyse, til dømes i samband med masteroppgåve.

  • ha ei forståing av praktiske implikasjonar av teoriar om organisasjon og organisering

Vilkår for å gå opp til eksamen

Innlevering og presentasjon av førebudde innlegg.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar med plenumsdiskusjonar, gruppearbeid og gruppepresentasjonar.

Studentevaluering

Studieprogramleier i samråd med studenttillitsvalgt fastset evalueringsform og om emnene skal ha midtveis- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilbys som enkeltemne

Ja. Med forbehold om ledig plass/kapasitet. Samme opptakskrav som for master.

Opptakskrav hvis tilbudt som enkeltemne

Opptakskrav er samme som for master i statsvitenskap og ledelse.

Eksamen

Heimeeksamen over 7 dagar.

Reduksjon i studiepoeng

Innholdet i dette emnet dekkes helt eller delvis av annet emne. Tas ett av disse emnene i tillegg, reduseres studiepoengene som følger:

Emne Studiepoengreduksjon
ORG400 – Offentlig sektor i endring 10
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:26:48