Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
  • Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk.

Innhald

Emnet er eit studium i lingvistiske teoriar, og gir ei innføring i ulike retningar og metodar innanfor lingvistikken som vitskapsdisiplin. Studentane skal lese og diskutere eit utval teoretiske originaltekstar, og få innsikt i korleis ulike lingvistiske fagtradisjonar og metodar har medverka til å forme moderne lingvistikk. Tekstutvalet presenterer mellom anna strukturalismen, generativ grammatikk, kognitiv grammatikk, sosiolingvistikk og tekstvitskap. Studentane skal óg lese og diskutere faghistoriske og vitskapsteoretiske tekstar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten

Kunnskap

  • ha avansert kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innanfor lingvistikken, og om korleis innsikt frå desse kan nyttast i tolking og analyse av språk og språkforhold

  • ha inngåande kunnskap om faghistorie og sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor lingvistikken - ha kunnskap om korleis lingvistiske tradisjonar er forma av ulike vitskapsfilosofiske synsmåtar

Ferdigheiter

  • kunne reflektere sjølvstendig kring ulike teoriar og deira premissar

  • kunne trekke fram parallellar og kontrastar mellom ulike lingvistiske fagtradisjonar

  • kunne vurdere og bruke lingvistiske teoriar og metodar i ulike faglege og ikkje-faglege samanhengar

Generell kompetanse

  • kunne bruke lingvistiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter i møte med relevante utfordringar i ulike kontekstar

  • kunne kommunisere om lingvistiske og grammatiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til almenta.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing og seminar. Studentane er aktivt med i diskusjonar og analysar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

Studieprogramleiar fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1. 

Tilgang for privatistar

Nei.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, med atterhald om ledig plass og kapasitet. Opptakskrav for enkeltemnestudentar: som for master i nordisk språk og litteratur.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

 Opptakskrav for enkeltemnestudentar: som for master i nordisk språk og litteratur. 

Eksamen

Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamenssvaret skrivast på bokmål dersom masteroppgåva skal skrivast på nynorsk, og på nynorsk dersom masteroppgåva skal skrivast på bokmål. Gradert karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NOU417 – Språkteori for utenlandske studenter 15
NO-416 – Litteraturteori 5
NOU416 – Litteraturteori for utenlandske studenter 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:26:24