Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
  • Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk.

Innhald

Emnet er eit studium i litteraturteori, og det tar også opp faghistoriske og vitskapsteoretiske tema. Studentane skal lese og diskutere eit utval teoretiske originaltekstar og drøfte korleis dei kan nyttast i analyse av litteratur. Tekstutvalet omfattar både tekstorienterte, kontekstorienterte og lesarorienterte litteraturteoriar. Studentane skal også lese og diskutere faghistoriske og vitskapsteoretiske tekstar

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten

Kunnskap

  • ha avansert kunnskap om eit utval tekstorienterte, kontekstorienterte og lesarorienterte litteraturteoriar, og om korleis dei kan nyttast i litterære analyser

  • ha inngåande kunnskap om litteraturfagets historie og diskusjonar om vitskapsteoretiske spørsmål

Ferdigheiter

  • kunne arbeide sjølvstendig med ulike teoriar i litterære analysar

  • kunne vurdere og kritisere bruk av teoriar og metodar i faglege samanhengar

Generell kompetanse

  • kunne bruke litteraturteoretiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet

  • kunne kommunisere om litteraturteoretiske problemstillingar, analysar og konklusjonar

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing og seminar. Studentane er aktivt med i diskusjonar og analysar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.

Studentevaluering

Studieprogramleiar fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1. 

Tilgang for privatistar

Nei.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, med atterhald om ledig plass og kapasitet. Opptakskrav for enkeltemnestudentar: som for master i nordisk språk og litteratur. 

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

 Opptakskrav for enkeltemnestudentar: som for master i nordisk språk og litteratur. 

Eksamen

Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamenssvaret skrivast på bokmål dersom masteroppgåva skal skrivast på nynorsk, og på nynorsk dersom masteroppgåva skal skrivast på bokmål. Gradert karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NOU416 – Litteraturteori for utenlandske studenter 15
NO-417 – Språkteori 5
NOU417 – Språkteori for utenlandske studenter 5
Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:26:24