Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10

Undervisningsspråk

Norsk

Anbefalte forkunnskaper

NO-139

Innhold

Norsk for mellom- og ungdomstrinnet skal førebu studentane til norskundervisning for trinn 5-10. Emnet gir innføring i språklege og litterære emne, tekstval, fagdidaktisk kunnskap og variert arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Ein legg dessutan vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil få trening i akademisk skriving.

Faget i praksis

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for arbeidet med emnet på kampus.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk

  • ha kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis

  • ha kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, og andre nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

  • ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium

  • ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne

  • ha omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter

  • ha kunnskap om vurdering og læremiddel på mellom- og ungdomstrinnet

  • ha kunnskap om relevant forsking- og utviklingsarbeid i norskfaget, og eit bevisst forhold til kva det vil seie å tenke vitskapleg i norskfaget

Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevane

  • kunne bruke kunnskap om litteratur og språk i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar

  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på mellom- og ungdomstrinnet

  • kunne vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk

  • kunne vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar

  • kunne legge til rette for at elevar på mellom- og ungdomstrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium

  • kunne kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar

  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål for trinn 5-10, slik at ein tar omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos elevane

  • kunne analysere, tolke og vurdere litteratur for elevar på mellom- og ungdomstrinnet og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar

  • kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel for mellom- og ungdomstrinnet

  • meistre skriftleg nynorsk og bokmål og kunne undervise elevar i begge målformer

  • kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, og ta i bruk slike kjelder i eige arbeid med emnet

  • ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne legge til rette for at elevane på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer

  • kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar

  • kunne planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne på mellom- og ungdomstrinnet, og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val

  • kunne vurdere eigen praksis på mellom- og ungdomstrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Vilkår for å gå opp til eksamen

  • 70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet. Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.

  • Beståtte obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.

  • Bestått praksis.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.

Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.

Det inngår 20 dagar praksis i emnet.

Emnet har eit venta arbeidsomfang på 800 timar.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset studieprogramleiar evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Tilgang for privatister

Nei

Eksamen

  • To individuelle skriftlege eksamenar på 6 timar med bokstavkarakter.

  • Individuell munnleg prøve med bokstavkarakter.

Dei tre eksamenane blir vekta likt i ein samla karakter.

Reduksjon i studiepoeng

Innholdet i dette emnet dekkes helt eller delvis av annet emne. Tas ett av disse emnene i tillegg, reduseres studiepoengene som følger:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-158 – Norsk for mellomtrinnet 20
NO-136 – Norsk - emne 1 10
NO-136 – Norsk - emne 1 10
NO-137 – Norsk - emne 1 10
NO-138 – Norsk - emne 2 10
NO-159 – Norsk for ungdomstrinnet 10
NO-148 – Norsk - emne 3 10
NO-156 – Norsk for barnetrinnet 2 10
NO-157 – Norsk for barnetrinnet 3 10
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 1. juli 2024 02:26:16