Forskningsdesign og fordjuping i samfunnsvitskapleg metode
ST-423-1
Undervisningsspråk
Engelsk og Norsk.
Anbefalte forkunnskaper
ME-400 eller tilsvarande.
Læringsutbytte
Ved fullføring av emnet skal studentane:
ha inngående kunnskap om og meistra forskingsetiske reglar, retningsliner og normer for samfunnvitskapleg tekstproduksjon, og kunna framstilla eiga forsking i tråd med disse
forstå og kunna skilja mellom ulike vitskapsteoretiske posisjonar og implikasjonane av desse for forsking
kunne velja, utforma og grunngje utforming av eit forskingsprosjekt
kunne velja og grunngje forskingsmetode
kunne grunngje, utføra og presentere analyse av empirisk materiale
Innhold
Emnet tek opp sentrale element og spørsmål knytt til vitskapleg verksemd. For det første vert kva det er som kjenneteiknar vitskapleg kunnskap tatt opp, og vidare vert studentane introdusert for ulike vitskapsteoretiske posisjonar i samfunnsvitskap. For det andre er akademisk skriving og litteratur i fokus. Det vil seia kva som kjenneteiknar akademiske framstillingsmåtar som er truverdige og overtydande. For det tredje vert forskingsprosessen og design av forskingsprosjekt sentrale tema, der merksemda vert retta mot val av design i høve eiga forsking i samband med t.d. masteroppgåva. For det fjerde vert det høve til å velja ei fordjuping i enten kvalitative eller kvantitative forskingsmetodar, alt etter kva type datakonstruksjon som vil eigna seg for designet ein har valt og med vekt på ulike datakjelder, datainnsamlings- og analysemetodar.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, seminar, individuelle og gruppeøvingar. Estimert arbeidsomfang er 270 timer.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Innlevering av individuelle oppgåver og obligatoriske arbeidskrav.
Eksamen
Mappeeksamen, karakter A-F.
Studentevaluering
Emneansvarleg fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtveis- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emna publiserast i Canvas.
Opptakskrav hvis tilbudt som enkeltemne
Samme opptakskrav som for master i statsvitenskap og ledelse