Skolebibliotekkunnskap 3 - informasjonskompetanse og leseutvikling, påbyggingsstudium
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2, eller tilsvarande
Emnet SK-200 Informasjonskompetanse og leseutvikling
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført studium skal studenten
ha kunnskap om nyare forsking om elevar sin informasjonssøkeadferd, informasjonskompetanse og leseutvikling
ha kunnskap om samanhengen mellom informasjonskompetanse og leseutvikling
vite kva som kjenneteiknar eit undersøkjande arbeid og kva for krav som blir stilte til metode og framstillingsform
ha kunnskap om etiske problemstillingar knytt til undersøkjande arbeidsmåtar
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
kunne gjere didaktiske og metodiske vurderingar når det gjeld bruk av bibliotek og læringsressursar i skolen
kunne formulere ei problemstilling og gjere ein fagleg analyse av denne, rapportere arbeidet i ei større skriftleg framstilling, og vurdere og referere til kjelder
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet
kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena
Innhald
Emnet vil vidareføre den teoretiske innføringa i informasjonskompetanse og leseutvikling frå emnet SK-200, men er òg eit meir praktisk retta emne, der informasjonssøk, kjeldevurdering, kunnskapsutvikling og presentasjon av læringsresultat er hovudtema. Studentane skal skrive ei bachelorsoppgåve der det vil bli lagt vekt på å sjå fortsetjande leseopplæring, lesing av ulike typar tekster og arbeid med lesestrategiar i samanheng med utvikling av informasjonskompetanse.
Undervisnings- og læringsformer
Hovudarbeidet i dette emnet er arbeid med bacheloroppgåva. Studiet er organisert som eit nettbasert deltidsstudium. Hovuddelen av undervisning og rettleiing går føre seg på læringsplattforma Canvas. Éi obligatorisk samling blir arrangert i Kristiansand. Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter) kan bli gitt som gruppe- og individuell rettleiing. Emnet har et forventet arbeidsomfang på 400 timer.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjent éi obligatorisk innlevering (oversikt over denne ligg føre ved semesterstart)
Emneansvarleg i samråd med studenttillitsvald avgjer evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.