Kunnskapar
Etter fullført studium skal studenten
Ferdigheiter
Etter fullført studium skal studenten
Generell kompetanse
Etter fullført studium skal studenten
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester. To frivillige fellessamlingar, ei i kvart semester, blir arrangerte i Kristiansand. Det meste av undervisning og rettleiing går føre seg på ei digital læringsplattform. Studentane vil møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer på læringsplattforma, til dømes skjermopptak, video og skriftlege førelesingar.
Praksis: Studenten skal utføre eit praksisarbeid med omfang som tilsvarer om lag éi arbeidsveke. Praksisarbeidet skal dokumenterast i ein rapport som utgjer eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet.
Prosjektoppgåve: Studenten vel prosjektoppgåve i samråd med faglærar. Prosjektoppgåva kan med fordel ha karakter av FoU-arbeid, gjerne ved eigen skole. Prosjektoppgåva utgjer ein del av den avsluttande vurderinga, sjå Eksamen.
Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 800 timar.
I alle emna innen skolebibliotekkunnskap er det innslag av internasjonal pensumlitteratur, mest nordisk i Skolebibliotekkunnskap 1 og 2, og mest amerikansk i Skolebibliotekkunnskap 3. Særleg Sverige og USA er føregangsland på dette fagfeltet, og blir trekte inn også i eksempelstoff i undervisninga.
Undervisningsspråket er norsk.
30
Deltid
Kristiansand
Fakultet for humaniora og pedagogikk