Slik lærer du betre og hugsar pensum

– Dropp dei tradisjonelle studieteknikkane. Utnytt heller dei naturlege metodane hjernen bruker for å lagre informasjon, seier UiA-forskar Vivian Kjelland.

Vivian Kjelland holder presentasjon (foto)

– Framkalling av kunnskap frå eige hovud er den beste måten å lære på, seier førsteamanuensis Vivian Kjelland.

Av Atle Christiansen
Publisert 5. des. 2023 - Sist endret 8. des. 2023

– Ikkje noter alt eg seier, berre skriv nokre stikkord og nokre korte setningar, seier Vivian Kjelland.

Omkring 40 studentar har møtt opp til ein time i biologi. No let  dei penn og blyant kvile. Ingen knatrar på datamaskina.

Vivian Kjelland er førsteamanuensis, molekylærbiolog og flåttforskar ved Universitetet i Agder (UiA). Ho er også ein erfaren undervisar og har spesialisert seg på studieteknikkar. Og no er ho ute med ei ny bok om temaet.  

Tre tips for å lære og hugse pensum betre

Tenk! Bruk minst halvparten av arbeidstida på å la minnet ditt jobbe med det du har lært. Det vil gjere at minnespora i hjernen blir styrkte. Du bruker mindre tid på lesing, men kjem til å hugse mykje meir.

Ta pausar! Ta pausar og ikkje jobb med pensum frå morgon til kveld. Hjernen treng pausar for å bearbeide informasjonen frå undervisningstimar og lesing.

Tren! Når du trenar, styrkjer du minnet. Trening aukar konsentrasjonsevna, gir betre blodsirkulasjon og gjer deg glad. Og ein glad hjerne lærer lettare og hugsar betre.

Kjelde: Vivian Kjelland «Studer smartare ­– studieteknikkar som faktisk verkar!» (2023).

Bruk hovudet

I dag blir det ikkje nokon biologitime for studentane. No blir det ein times innføring i korleis dei best kan lære seg pensum og hugse det til eksamen.

– Når du løyser oppgåver ved å leite etter svar i læreboka og eigne notat, aktiverer du ikkje hjernen tilstrekkeleg. Du finn nok det rette svaret. Men det festar seg ikkje i minnet og hjelper deg neppe til eksamen, seier Kjelland.

Den beste læremåten

Forskaren bruker studieteknikkane aktivt i undervisninga. Ho ber til dømes studentane lukke alle bøker og notat. Deretter ber ho dei snakke saman to og to og fortelje kva dei nettopp har lært.

Slik får dei øvd seg på å hente fram kunnskap frå eige hovud. Då vert det laga sterkare minnespor i hjernen ifølgje Kjelland. Ho støttar seg på ein brei gjennomgang av nyare forsking på hjernen.

– Framkalling eller uthenting av kunnskap frå eige hovud er den beste måten å lære på. Dropp pugging og les konsentrert første gongen. Du lærer meir effektivt og hugsar betre når du gjer det til ein vane å hente fram frå minnet det du har lært, utan å sjå i boka, seier ho.   

Arbeidsminne og langtidsminneForsiden på Vivian Kjellands bok Studer smartere.

Kjelland seier minnet overordna sett kan delast i to: Arbeidsminne og langtidsminne.

Arbeidsminnet held orden på det du tenkjer på her og no. Det er minnet du brukar når du les, lyttar og analyserer. 

Langtidsminnet lagrar informasjonen slik at du kan hente den fram seinare.

– For at det du nettopp har lese eller høyrt skal lagrast i langtidsminnet, må hjernen bearbeide informasjonen, seier Kjelland.

Under bearbeidinga blir det laga minnespor i hjernen. For kvar gong du hentar fram kunnskapen frå minnet, blir minnesporet sterkare og informasjonen lettare å hugse. Slik blir også kunnskapen lettare å hente fram under eksamen.

Tre trinn for å hugse
– Litt forenkla kan du seie at minnespora vert laga gjennom tre trinn: koding, konsolidering og framkalling, seier Kjelland.

Ho forklarer: Under kodinga blir det du les, høyrer og ser omdanna til kjemiske og elektriske signal i hjernen din. Dette er starten på eit minnespor.

Under konsolideringa blir minnesporet styrkt. Hjerneforskarar meiner at hjernen då går gjennom den nye informasjonen, og knyter han saman med det han har lagra frå før. Forskarane har også komme fram til at søvn er heilt nødvendig for at denne prosessen skal skje.

Under framkallinga blir minnesporet styrkt ved at du hentar fram informasjonen frå minnet. Du tenkjer ganske enkelt på informasjonen. Jo fleire gonger du hentar fram informasjonen, jo sterkare blir minnesporet.

Ikkje la deg lure av det lettvinte

– Det er stor forskjell på om du repeterer fagstoffet ved å lese pensum på nytt, eller ved å hente fram informasjonen frå minnet, seier Kjelland.

Ho understrekar at når du let hjernen jobbe, og leitar fram kunnskapen frå minnet utan å sjå i læreboka, vil du lage mykje sterkare minnespor i hjernen. Og då hugsar du betre.

Ho åtvarar også mot å la seg lure til å halde seg med éin favoritt-metode for å lære.

– Mange av oss føretrekkjer ein favorittmåte å ta imot ny informasjon på. Men forskinga gir inga støtte for at kvar enkelt av oss lærer best på éin bestemd måte. Tvert imot kan vi lære meir av å prøve mange ulike måtar å lære på, seier Kjelland.

Favorittmetoden krev mindre av oss

Ho seier vi held oss med favorittmetodar fordi dei krev mindre av oss.

Hjernen liker vanar, og vil gjerne at vi gjer det som kjennest enkelt. Då går  hjernen på sparebluss. Vi trur vi lærer, medan vi eigentleg let hjernen kvile.

– Nyare forsking viser at det kan vere smart å ta i bruk også dei læringsmetodane du ikkje trivst like godt med. Då tvingar du deg sjølv til å aktivere nye tenkjemåtar. Det kan gi deg ei større verktøykasse for å løyse problem og å lære, seier Kjelland.

Bli med i Facebook-gruppa Studieteknikk med Vivian Kjelland viss du ønskjer tips og diskusjonar om studieteknikkar og førebuingar til eksamen.