Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Øystein Heide Aadland

Utøvende rytmisk musikk
Fakultet for kunstfag
05. november 2019

Groovebasert musikk med kvintolunderdeling

Om mine erfaringar frå kvintolprosjektet til PhD-stipendiat og trommeslager Jan Inge Nilsen. 

Mitt namn er Øystein Heide Aadland. Eg er keyboardist og har studert rytmisk musikk ved UiA dei siste fem åra. Frå våren 2017 til hausten 2019 var eg også involvert i Jan Inge Nilsen sitt PhD-prosjekt om kvintolunderdeling i musikk. Eg var med fast i forskingsbandet hans kor me testa ut ulike teoretiske konsept i praksis. Min rolle bestod også av å vere med å idémyldre og bidra i skriveprosessen av komposisjonar med kvintolen som utgangspunkt.

Forskingsbandet:

  • Jan Inge ´Jango` Nilsen – trommer, prosjektleiar
  • Torbjørn Tveit – bass
  • Øystein Heide Aadland – keys

Øvrige deltakarar:

  • Øyvind Nypan – gitar
  • Erik Kimestad Pedersen – trompet
  • Kristin Dahl – vokal
  • Joseph Henry – vokal

 

Kva er ein kvintol?

Det vil kort sagt bety ei gruppering på fem tonar, som er eit motstykke til det som er vanlegast i rytmisk musikk: å gruppere i fire tonar. I ei 4/4-takt har altså kvart slag fire 16-delar som då til saman blir 16. Dette er jo også bakgrunnen for at det kallast ein 16-del. Når ein grupperer i kvintolar vil kvart slag ha fem tonar, som resulterer i at ei 4/4-takt då vil ende opp med å innehalde 20 16-delar. Lengda på takta er den same, men talet underdelingar er fleire.

På øvingane me hadde øvde me mykje på å heilt enkelt få kvintol-feelen under huden. Me såg på det slik at det ikkje var nok å berre telle korrekt og gjengi eit riktig teoretisk notebilete, me måtte også kunne arbeide intuitivt med låtmateriale og med spele med overskudd i denne feel-en. I tillegg til dette arbeida me med ulike teoretiske konsept, ofte knytt opp mot polyrytmikk. Det kunne til dømes vere er å veksle mellom å spele i «5 mot 2» og «2 mot 5» eller å spele «5 mot 4» osb.  

I løpet av forskingsperioden har me spelt fleire konsertar, mellom anna på UiA sitt arrangement Forskingsdagane både i 2018 og i 2019. Me har også spelt konsertar på Vaktbua fleire gongar. Sjangermessig har me bevegd oss innan svært mange sjangrar kor den røde tråden eine og åleine har vært at musikken er basert på kvintolen. Me har vært innom t.d. psykedelisk rock, pianojazz, funk og hiphop.  

1516

Dette er namnet på ei av låtane me komponerte saman i forskingsbandet. Taktarten i låta er 15/16-delar (derav tittelen), men ein kan også sjå på det som ein vanleg 3/4-delstakt der kvart slag er delt inn i fem 16-delar (ein kvintol), altså 5 + 5 + 5. Det er dette som er forskjellen på at ein komposisjon går i fem-takt og at den er kvintolunderdelt: taktarten i seg sjølv går ikkje i fem, men slaga innad i takta består av fem tonar kvar. Denne låta består av Fender Rhodes, orgel, bass og trommer. Studioversjonen me gjorde inneheld også trompet. Det er ein eksperimentell rockelåt med mykje energi og vreng, og fleire frie parti. Ein av desse frie partia var ein improvisert Rhodes-solo, som for meg var ein av dei største utfordringane i prosjektet. Det å skulle skape gode frasar og bygge ein god improvisert solo over ein kvintolbasert groove, som attpåtil var i eit nærast uforsvarleg høgt tempo, var veldig utfordrande. Låta har også ein trommesolo som er svært fri, med berre eit bass-ostinat som fast element. I den situasjonen handlar keys/tromme-relasjonen i stor grad om kommunikasjon og det å skape gode augneblink der og då, noko som var svært lærerikt for meg. 

Den store kvintolkonserten

Mandag 30. september 2019 gjennomførte me «Den store kvintolkonserten» med framføringar av alle låtar me har jobba med. Konserten gjekk av stabelen på Intimscenen på Teateret for ein fullsatt sal og markerte på mange måtar avslutninga av den praktiske delen av prosjektet. Den vart tatt opp og filma, og skal leverast saman med den skriftlege oppgåva. 

Eg har lært svært mykje av å ha vore med på dette prosjektet. Reint musikalsk har eg mellom anna opparbeida eit mykje større personleg overskudd på det å spele i skeive taktartar og då ikkje minst musikk gruppert i fem. Eg har også lært mykje om sjangerforståelse og det å ta estetiske val ettersom eg har vært deltakande i nesten alle ledd av prosjektet og i alle ulike sjangrar me har vore innom. Det har også styrka min akademiske forståing om korleis prosessen med ein PhD fungerer og korleis ein dokumenterer alt ein forskar på.