Erfaringar av eit kvantitativ studie med barn
Undersøkingar viser til at 93% av alle barn og unge deltar i organisert idrett i løpet av oppveksten, samtidig er det andre undersøkingar som viser til at den sedative tida aukar dramatisk i den same aldersgruppa. Kan barneidretten, med sitt store nedslagsfelt, legge til rette for auka fysisk aktivitet med å bygge opp om motorisk kompetanse?
"Neuromuskulær trening i jentefotball" er eit forskingsprosjekt som inneber ein 9 veker lang intervensjon med neuromuskulær trening i jentefotballen, for å sjå kva effekt eit slikt treningsopplegg har på motoriske ferdigheiter, sportsspesifikke ferdigheiter, styrke og agility. I samarbeid med prosjektleiarar Ketil Østrem og Thomas Bjørnsen har eg satt saman eit testbatteri på 10 testar som eg, saman med tre assistentar, gjennomførte i midten av oktober. Fram til posttest, som forøvrig er i midten av desember, trener eg intervensjonsgruppa to gonger i veka. Øktene har eg den første halvtimen av deira vanlige fotballtrening, og består av eit progressivt neuromuskulærty program som skal fremme progresjon, læring og mestring knytta til rørsle. Då mestring og høg sjølvoppfatta motorisk kompetanse er assosiert med fysisk aktivitet og aktiv livsstil, håper eg at dette prosjektet kan inspirere deltakarane av prosjektet til å vere fysisk aktiv og stadig møte motoriske utfordringar i framtida. I tillegg håpar eg at prosjektet kan utfordre trenarar i barneidretten til å tenke meir generelt kring innhaldet av treninga, og ha delar av treninga utan ball til fordel for øvingar som kan utvikle og styrke spelarane.
Mi erfaring med forskingsprosjekt med barn er at til tross for at ein planlegger og føler seg godt førebudd i forkant av testar og økter, blir det ikkje nødvendigvis slik. Kor vidt ein vurderer om det har vore ein bra økt eller ikkje er i stor grad påverka av kor konsentrerte deltakarane er den dagen ein gjennomfører testane/økta, noko som er svært ulikt! I intervensjonar, og truleg med barn generelt, har relasjon til deltakarane mykje å sei for å kunne rettleie og holde orden på økta. For min del tar dette tid, og i økter kor konsentrasjonen virker låg blir øktene mindre effektive. Eg opplever og at det er svært ulikt kor godt eg klarar å følge kvar enkelt opp; avhengig av deltakarane sin konsentrasjon, mitt fokus - og ikkje minst kor mange deltarar som er med på trening.
Men til sjuande og sist er dette eit prosjekt som fram til no har vore utrulig lærerikt! Eg trivest godt med den praktiske delen, til tross for at det på enkelte dagar nesten boblar over av frustrasjon. Eg ser og framgong hos deltakarane ved hjelp av dei øvingane eg har, men størst av alt er å sjå den gleden og stoltheten dei viser når dei får til øvingar dei først syntest var veldig vanskelig. Det er og eit tema som engasjerer mange eg møter på min veg, som er interessert og som nødvendigheten av å utfordre barneidretten slik den er i dag.