Du kan søkje om godkjenning av emne (også bredde eining) tatt ved UiA eller ved andre utdanningsinstitusjonar. Er du ny student må studieprogrammet du ønskjer emna godkjent i vere tilgjengeleg i Studentweb før du kan søkje (normalt frå første veka i august). Emnar du ønskjer godkjent må vera fullført før du søkjer om godkjenninga.
Du søkjer via Studentweb, vel 'Meir' i menyen og deretter 'Søknadar'. Søknadar blir behandla fortløpande. Det er særskild stor pågang ved semesterstart, så send inn søknaden så tidleg som mogleg.
I søknaden må du oppgje kva for emne du ønskjer godkjent, og kva for UiA-emne du ønskjer erstatta.
Vedlegg og dokumentasjon
Det er ikkje naudsynt å dokumentere emne tatt ved UiA. For emne frå andre utdanningsinstitusjonar må du leggje ved:
Emneomtale
Pensumliste
Vitnemål/karakterutskrift (Ikkje naudsynt om du finn emne under 'Eksterne resultat' i Studentweb)
Det er søkjar sitt ansvar å hente inn, samt leggje ved naudsynt dokumentasjon til søknaden. Søknaden blir ikkje behandla før den er komplett. Saksbehandlar kan kontakte deg via Studentweb om noko er uklart eller manglar. I så fall får du eit varsel på e-post om dette. Meldingar frå saksbehandlar finn du som ein del av søknaden under punktet Dialog med saksbehandlar.
Svar på søknaden
Du som søkjar vil få skriftleg svar på om søknaden er innfridd eller ikkje, samt grunngjeving for eventuelt avslag. Vedtaket sendast til digital postkasse, har du ikkje dette vil vedtaket sendast i papirpost.
Vedtaket kan klagast på innan 3 veker etter at du har motteke svar.
Godkjenning av utanlandsk utdanning
Informasjon om utanlandske utdanningssystem og hovudprinsippa for godkjenning av dei mest vanlege gradane i studielandet: