No kan du enkelt få viktige brev frå UiA digitalt, i staden for i papirform i postkassa.
Når du har oppretta digital postkasse, får du ein trygg måte å motta brev frå det offentlege på. Du slepp også at brevet plutseleg hamnar i postkassa hos foreldra dine.
Med digital post har du tilgang til breva same kor du er, og utan å måtte vente på at brevet skal kome fram på gamlemåten.
Du må velje mellom to leverandørar - du kan motta UiA-brev i begge:
Du står fritt til å velje ein av dei - posten frå UiA og ei rekkje andre offentlege verksemder (som NAV og sjukehus) kjem fram uansett. Det er heilt gratis å bruke digital postkasse.