Trekk før eksamen må utførast seinast fjorten dagar før eksamen. Dette gjer du i StudentWeb:
vel <Aktive emner> i toppmenyen
klikk på emnet du vil trekkje deg frå
klikk på knappen <Trekk fra vurdering>
Også i emne med fleire deleksamenar skal det normalt vere mogleg å slette meldinga til kvar deleksamenen via Studentweb.
Dersom du ikkje får til å trekkje deg via StudentWeb, kan du sende ein e-post til eksamen@uia.no .
NB! Trekk før eksamen gjer ikkje tilgång til utsett eksamen. Du må vente til neste gong emnet går ordinært før du kan melde deg opp igjen. For å få tilgang til utsett eksamen, må du møte fram på eksamensdagen og trekkje deg under eksamen. Dette vil telje som eit eksamensforsøk, til forskjell frå trekk før eksamen.