Alle studentar som har fullført ei grad får automatisk eit digitalt vitnemål som blir tilgjengeleg i Vitnemålsportalen og i Studentweb. Vitnemåla vert produsert i juni og vil vere klare innan fristen for å ettersende dokument ved søknad om opptak til andre studier. Dersom du fullfører studiet på eit anna tidspunkt, kan du bestille vitnemålet ved å ta kontakt med eksamenskontoret.
Du får ikkje vitnemål etter fullført årsstudium, men det vil komme fram i Vitnemålsportalen at du har tatt årsstudiet.
Diploma Supplement er eit digitalt vitnemålstillegg på engelsk som følgjer med alle vitnemål. Det gir ei utfyllande beskriving av kvalifikasjonen som kandidaten har oppnådd og er nyttig å ha med i samband med jobbsøking, godkjenning av kvalifikasjonar og vidare studium i Noreg eller i utlandet. Det er også viktig å hugse at DS er eit tillegg til vitnemålet som berre er gyldig saman med dette vitnemålet. DS dokumenterer éi bestemd grad oppnådd av éin bestemd kandidat.
Papirversjon
Ditt digitale vitnemål er eit originaldokument som følger ein internasjonal standard. Men skal du søke opptak ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon eller arbeid utanfor Noreg, og det er krav om vitnemål og Diploma supplement på papir, kan du bestille det ved å sende e-post til eksamenskontoret. Dokumenta vert sendt til heimstadadressa du har registrert i Studentweb, og saksbehandlingstida er normalt tre veker.
NB! Eit vitnemål er endeleg, og det er ikkje mogeleg å få eventuelle forbetringar av karakterane inn på eit vitnemål som allereie er produsert. Vi lagar heller ikkje nytt vitnemål i samband med namneendring. Namnet på vitnemålet skal spegle det ein heitte då ein tok studiet.
Autorisasjon for helsepersonell
Fullført bachelor i sjukepleie, vernepleie eller bioingeniør gir grunnlag for å søka autorisasjon etter helsepersonellova.
Forenkla søknad om autorisasjon for sjukepleiarar som fullfører utdanning etter 1. januar 2023 Du må søkje sjølv om autorisasjon ved å logge deg på Tjenesteportalen for helseaktørar via ID-porten. Du følgjer ein kort stegvis prosess som avsluttar med betaling av eit gebyr på kr. 750. Denne løysinga vil gje ei rask saksbehandling (inntil 2 dagar). Du vil automatisk få registreringa for autorisasjon i Helsepersonellregisteret (HPR).
Søknad om autorisasjon for vernepleiarar og bioingeniørar UiA sender ei oversikt til Helsedirektoratet, dette gjeld også sjølv om du ikkje har fullført studiet etter normert tid. Ein føresetnad er at du har gitt UiA samtykke til å søka på dine vegner (i StudentWeb):
Når innmeldingslista er sendt inn, får du SMS eller e-post frå Altinn med beskjed om at du har motteke ei melding i Altinn. Varsel vert sendt til den e-postadressa eller som SMS til det nummeret du har oppgitt som kontaktinformasjon i Altinn.
Meldinga inneheld ei lenke for betaling av gebyr på kr. 750,-
Dersom du ikkje betaler gebyret innan betalingsfristen, vert lenkja sperra, og du må søkje om autorisasjon på vanleg måte.
Når betalinga er gjennomført, vert du normalt autorisert i løpet av nokre minuttar.
Sjølvvald bachelor er ein grad som er mest aktuell for studentar som ikkje har opptak på eit studieprogram, men som har tatt emne litt forskjellige stader. Graden vert oppnådd på grunnlag av emne som omfattar 180 studiepoeng og inneheld enten ei fordjuping eller eit fullført 2-årig integrert studieprogram.
Mista vitnemål
Om du har mista papirvitnemålet ditt, kan du bestille eit duplikat ved å ta kontakt med eksamenskontoret. Hugs å oppgi korrekt heimstadsadresse. Prisen for eit duplikat er kr 700,-.