Eksterne studentar som ønsker å ta eksamen på UiA, må betale følgande:
Kr 500,- i påmeldingsavgift (må verte betala sjølv om ein seinare vel å ikkje gå opp til eksamen)
Kr 500,- i administrasjonsgebyr ved gjennomføring av eksamen, til saman kr 1.000,- Dette gjeld for kvar eksamen.
I tillegg kjem kostnadar for lønn til vakt dersom UiA ikkje har eksamen denne dagen. Kostnad er kr 200,- pr. eksamenstime, i tillegg ein time før og ein time etter eksamen.
Utvekslingsstudentar som oppheld seg ved UiA, behøver ikkje dekkje kostnadane for å ta eksamen frå opphavslandet sitt ved UiA.
Feltet <For ekstern kontaktperson> skal fyllast ut av ein ved ditt eige universitet.
Eg vil ta eksamen ein annan plass enn UiA
I heilt spesielle tilfelle kan studentar som ikkje har høve til å ta eksamen fysisk på UiA (f.eks. pga. utveksling), søke om å få ta han ein annan plass. Det gjeld både skriftleg og munnleg eksamen, men ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for at det tekniske utstyret fungerer dersom du tar munnleg eksamen eksternt. UiA-studentar som ønsker å ta eksamen eksternt, må rekne med eit administrasjonsgebyr til Universitetet i Agder.
I Noreg: Kr 700,-
I Europa og verda elles: Kr 1000,-
Studentar som er på utveksling i regi av UiA, slepp å betale dersom dei har gyldig fråvær under ordinær eksamen.
For å avleggje eksamen eksternt, har du sjølv ansvar for å finne ein ekstern kontaktperson. Denne personen er ansvarleg for å fylle ut avsnittet "for ekstern kontaktperson" i søknadsskjemaet. Hugs at både du og kontaktpersonen må signere skjemaet.
Merk: Det er ikkje sikkert at vi kan tilby same type tilrettelegging for studentar med særskilde behov, som ved eksamen avlagd på vår eigen campus.
Utvekslingsstudentar frå UiA ved utanlandske universitet
Dersom du har eksamen i januar ved eit utanlandsk universitet, kan du søkje om å ta eksamenane dine ved UiA.
Du må betale administrasjonsgebyr på kr 1.000,- pr. eksamen og eventuelle vaktkostnadar dersom UiA ikkje har eksamen denne dagen.
Dersom du har gyldig fråvær eller stryk på eksamen i utlandet, kan du søkje om å ta eksamen ved UiA utan ekstra kostnad.