Alle studentar må semesterregistrere seg på Studentweb kvart semester. Studentweb er tilgjengeleg for semesterregistrering frå 10. juni (for haustsemester) og 10. desember (for vårsemester) kvart år. Du loggar deg inn på Studentweb med brukarnamn og passord (FEIDE) eller ID-porten.
Frist for semesterregistrering hausten er 1. september. Frist for semesterregistrering våren er 1. februar.