English version of this page

Internasjonale forskingssamarbeid

Universitetet i Agder jobbar systematisk for å auke det internasjonale forskingssamarbeidet gjennom deltaking i blant anna fleire EU-prosjekt, auka forskarmobilitet og strategisk samarbeid med utvalde institusjonar og land.

EU sitt forskingsprogram er det største forskingsprogram i verda med eit budsjett på 50 mrd. euro. Forskingsprogrammet Horizon 2020 (H2020, 2014-2020) har eit estimert budsjett på rundt 80 mrd. euro. UiA har fleire H2020-prosjekt med hovudvekt på prosjekt innan IKT og tryggleik. UiA koordinerer bl.a. prosjektet :iTrack. I tillegg deltek UiA i fleire Interreg og Creative Europe-prosjekt. EU-prosjekt samlar forskarar og forskingsmiljø i Europa, og saman med næringslivet løyser dei nye samfunns- og teknologiutfordringar.

Forskarmobilitet er eit viktig verktøy for å knyte kontaktar og styrkje eksisterande nettverk. Det finst ei rekkje stipendordningar for dei som ønskjer å reise ut eller invitere kollegaer til Universitetet i Agder.

UiA er ein av fleire norske institusjonar som samarbeider med Peder Sather Centre på Berkeley for å styrkje samarbeid mellom norske universitet og UC Berkeley.

UiA er medlem i  University of the Arctic (UArctic). UArctic er eit nettverk av universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar, som jobbar med utdanning og forskinga i og med Nordområdene.

UiA har slutta seg til prinsippa i «Den europeiske erklæring om forskarar» og «Atferds regler for rekruttering av forskarar» (Charter and Code). Arbeidet med implementering av prinsippa skjer gjennom HRS4R – prosessen (Human Resources Strategy for Researchers) der ein handlingsplan og jamlege evalueringar av denne er sentrale element.

Publisert 26. mars 2024 - Sist endret 26. mars 2024