Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Gode matvanar startar før du blir fødd

Ved toppforskningssenteret Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv jobbar forskarane med å lære norske barn og foreldra deira å ete bra.

Nordmenn snakkar mykje om kosthold, men kunnskapen kan vere vanskeleg for oss å omsetje i praksis. Vi et meir pizza enn fisk. Vi et berre halvparten av grønsakene vi treng. Fleire et for mykje sukker, mens jenter generelt får i seg for lite jern, jod og folat.

– I Noreg kappast kosthald og tobakk om å vere den viktigaste faktoren for tidleg død og sjukdom. Det er milevis til den tredje og fjerde risikofaktoren på lista. Nordmenn har generelt god helse, men vi treng å ete betre, seier Nina Cecilie Øverby.

Ho er professor ved Institutt for folkehelse, idrett og ernæring ved UiA, og leiar toppforskningssenteret Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv. Der forskar dei på det mat betyr for god helse og korleis heile generasjonar i Noreg skal få opplæring i matlaging.

FAKTA/Utvalde prosjekter frå Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv

Saman med BarnE-mat er dette nokre av forskingsprosjekta til senteret:

  • Barns matmot 2.0: Korleis få eitt år gamle barn til å prøve ny mat og ete meir grønsakar. Nettbasert, med pedagogisk opplegg og lunsj-menyar. 46 barnehagar i Telemark, Oppland, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal deltok. Foreløpige resultat viser effekt av tiltaka.
  • Kosthald i ungdomsalderen: Ei kartlegging av kosthaldet til over 500 14-åringer på Agder for å sjå på samanhengen mellom kosthald og andre variablar. Prosjektet fann at jenter et sunnare enn gutar. Dei som hadde foreldre med høg utdanning åt meir grønsakar og fisk. Der ein laga mat heime, åt ungdommane meir frukt og grønsakar.
  • Skulemat-prosjektet i Aust-Agder: I 2014 og 2015 fekk 55 elevar i Birkeland gratis skulemat i eit heilt år. Dei som fekk mat hadde eit sunnare kosthald enn dei som ikkje fekk gratis skulemat.

Barnemat på video

Nina Cecilie Øverby, leader of the Priority Research Centre Lifecourse Nutrition

Senterets leiar, professor Nina Cecilie Øverby

Eit av dei største problema for folkehelsa er at sju av ti vaksne i Noreg er overvektige. Ifølge den mangeårige helseundersøkinga Hunt auker vekta mest blant unge vaksne. Mellom 15 og 20 prosent av norske barn kan no kallast overvektige.

Det å etablere gode matvanar tidleg kan førebyggje overvekt og fedme hos barn. Forskar Christine Helle har funne at barnefamiliar fekk betre kostvanar etter å ha følgt ein serie med opplæringsvideoar på nett. 700 foreldre med barn på seks månader deltok i prosjektet BarnE-mat.

Ei gruppe (intervensjonsgruppa) fekk tilgang til nettsider med informasjon og tips om kosthald som var tilpassa alderen til barnet. Kontrollgruppa fekk inga oppfølging, og heldt fram med å ete som vanleg. Undersøkinga følgde barna i eit halvt år, fram til dei var 12 månadar.

80 prosent av intervensjonsgruppa såg alle eller dei fleste videoane. Barna i den gruppa blei servert frukt og grønsakar oftare, og hadde smakt eit breiare utval av grønsakar enn barna i kontrollgruppa. Dei åt også oftare frukost og middag saman med familien, og så mindre på nettbrett eller skjerm under måltida enn barna i kontrollgruppa.

– Barn lærer når dei ser andre ete. Det er viktig å vektleggje gode rutinar, at familien har måltid saman og at barna kan sjå foreldra kose seg med maten, seier Helle.

FAKTA/Toppforskingssentre ved UiA

Frå 2019 har UiA fem toppforskningssentre:

  • Centre for Coastal Research (CCR)
  • Senter for e-helse
  • The Mathematics Education Research Group Agder (MERGA)
  • Centre for Artificial Intelligence Research (CAIR)
  • Centre for Lifecourse Nutrition

Toppforskningssentra blir prioriterte av UiA etter allereie oppnådde resultat, og ambisjonar for vidare utvikling.

Sentra skal ha nasjonale og internasjonale ambisjonar, og skal arbeide etter universitetets strategi. Ved tildelinga blei det òg lagt vekt på ekstern finansiering og kjønnsbalanse. 

Statusen inneber ei finansiering på NOK 10 millionar over 5 år. Sentra får også to ekstra rekrutteringsstillingar og midlar til infrastruktur.

Dei kritiske livsfasane

Nokre av dei tilsette ved Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv

Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv konsentrerer seg om ernæring i viktige overgangsfasar i livet. Ein av desse er dei første tusen dagane, frå befruktinga til barnet er to år. Da blir grunnlaget for helsa lagt. Gode matvanar som liten kan følgje deg heile livet.

– Vanane til foreldra er viktige for barnet, også før fødselen. Vi har snakka mykje om mors ernæring før graviditeten, men det er like viktig med til dømes kor mykje folat far har i kroppen ved befruktinga, seier senterleiar Øverby.

Ungdomstida er òg viktig: Ein gjer seg klar til å flytte frå foreldra og får nye kosthaldsvanar. Men dette er òg tida før ein sjølv stiftar familie.

– Jo tidlegare vi startar, jo betre. BarnE-mat har hatt ein effekt som påverkar heile familien. Det gir ein stor vinst for barnet, men om vi klarar å gjere dette meir tilgjengeleg, kan det gi ein stor vinst for heile folkehelsa, seier senterleiar Øverby.

Noreg kunne spart 154 milliardar kroner i helseutgifter kvart år om vi betra kosthaldet vårt, ifølgje Helsedirektoratet. Samstundes har profesjonelle påverkarar tatt mykje av merksemda i den offentlege samtalen om mat og helse.

– Når alt i verda skal vere nytt og spanande, vil den gylne middelvegen som dei norske nasjonale kosthaldsråda er, tape. Sjølv om dei er baserte på forsking. Ernæringsforskarane er ikkje synlege nok i debatten, seier Øverby.

Sosiale forskjellar

Christine Helle, administrative leader of the Priority Research Centre for Lifecourse Nutrition

Christine Helle, administrativ leiar for senteret

Det er viktig for Mat og ernæring i eit livsløpsperspektiv å kommunisere digitalt. Tida for brosjyrar er forbi, det går igjen i dei fleste prosjekta deira.

I prosjektet BarnE-mat var videoar med kosthaldsråd tilgjengelege på nett for foreldra under heile prosjektet. Christine Helle trur dette førte til at dei trefte fleire med informasjonen enn dei ville gjort med ein tradisjonell kampanje.

– Ei utfordring med brosjyrar er at mange ikkje les dei, og dei kan vere vanskelege å forstå. Filmane var korte og med eit enkelt språk som gjorde bodskapen lett tilgjengeleg. Foreldra kunne ta seg tid til å sjå dei sjølv i ein travel småbarnsperiode, seier ho.

Helle trur at videoformatet kan nå ut til fleire enn dei som er høgt utdanna og som er tilstrekkeleg interesserte i kosthald og ernæring til å ta med ein brosjyre frå helsestasjonen heim. For sosial ulikskap spelar òg ei rolle for helsa, og det uroar forskarane.

– Det er klare sosiale mønster i kosthaldet vårt. Grupper med lav sosiøkonomisk status et mindre grønsakakar og frukt, og meir sukker. Dei ammar mindre òg, og det har ikkje med pris å gjere, seier Øverby.

Matvanar går i arv. Så for den kommande generasjonen bør vi kanskje planlegge ein ekstra fiskemiddag denne veka.