Varslingsrutinane gjeld for alle tilsett og studentar ved UiA, men UiA ønskjer også at eksterne personar seier ifrå ved kritikkverdige forhold.
Varsling for eksterne
Dersom du ikkje er student eller tilsett på UiA, men ønskjer å seie ifrå om kritikkverdige forhold, kan du nytte nettbasert, anonymt varsel. Då vil meldinga gå til personal- og organisasjonsavdelinga som deretter vidareformidlar saka til rette vedkomande.
Dersom du ikkje ønskjer å vere anonym, må du oppgje kontaktinformasjon i saka.
Til orientering tek vi utgangspunkt i dei same saksbehandlingsprinsipp som for tilsett. Det går i hovudsak ut på at saka vert handsama av nærmaste ansvarlege leiar. Meir om varsling for tilsette
Universitetet i Agder pliktar å handsame varselet på ein forsvarleg måte, same kven det kjem frå.