English version of this page

Kvalitetssystem for utdanning

Gjeldande kvalitetssystem for utdanning vart vedteke av universitetsstyret 27. januar 2021. 

Universitetet i Agder har ei målsetjing om å vere eit ope og inkluderande universitet med ei tydeleg og framtidsretta utdanningsleiing på alle nivå. Kvalitetsarbeidet er ein viktig del av utdanningsleiinga og er forankra i strategien til universitetet og i vitskapsområda som dannar grunnlag for studieporteføljen til universitetet. Kvalitetsarbeidet skal vere prega av ein samarbeidskultur i møte mellom tilsette, studentar og arbeids- og samfunnsliv.  

Les heile dokumentet (PDF)

Kvalitetssystemet er inndelt i følgjande kapittel:

1. Innleiing

I innleiingskapittelet blir kvalitetsarbeidet beskrive som ein kontinuerleg prosess som skal bidra til utvikling av kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje. I tillegg blir kvalitetssystemet forankra i lov og forskrifter. 

2. Mål for kvalitetsarbeidet

Overordna mål for kvalitetsarbeidet er at studentane skal oppnå best mogleg læringsutbytte og personleg utvikling i relevante utdanningar som førebur dei for eit arbeids- og samfunnsliv i endring. Den styrande organa og leiinga i universitetet på alle nivå har eit ansvar for kvalitetsarbeidet og skal støtte utviklinga av ein kvalitetskultur blant tilsette og studentar.

3. Roller, ansvar og oppgåver

Kapittelet inneheld ei beskriving av roller, ansvar og oppgåver i kvalitetsarbeidet for styre og utval, leiarar, studentar og studenttillitsvalde ved UiA.

4. Prosessar og rapportar

Kvalitetsarbeidet er organisert omkring emne, studieprogram og studieportefølje. Som grunnlag for kvalitetsarbeidet skal det systematisk innhentast informasjon frå relevante kjelder. Vurderinga skal mellom anna baserast på relevante kvalitetsindikatorar.

5. Opplæring og oppfølging av tilsette og studenttillitsvalde

Omtale av rutinar og ansvar for opplæring og oppfølging av tilsette og studenttillitsvalde.

Publisert 15. apr. 2024 - Sist endret 6. mai 2024