Kunsten vert opplevd dagleg av våre studentar, tilsette og besøkande. Men legg du merke til kunsten? Vårt mål er å gjere kunsten på UiA tilgjengeleg for alle og skape rom for refleksjon.
Det vert stadig kjøpt inn nye verk, og samlinga speglar samtida gjennom ulike epokar. Kunstverka er knytta både til dei fysiske omgjevnadane, og til studie- og forskningsverksemda.
I 2020 og 2021 har UIA fått nye toppetasjar på ulike fakultet og kunstnarar som har fått utsmykkingsoppdrag er: Vigdis Fjellheim, Anna Marie S.Gudmundsdottir, Kirsti van Hoegee, Marius Martinussen (E-helsebygget), Regien Cox ( E-helsebygget), Hilde Honerud og Torunn Skjelland.
Gjennom åra har UiA fått kunstverk i gåver og gjennom innkjøp, ofte støtta av ulike fond. Kunst i offentlege rom (KORO), har spelt ei viktig rolle for å finansiere og setje i verk kunstprosjekt av høg kunstnarisk kvalitet. Gåver frå andre institusjonar, firma og privatpersonar utgjer også ein stor del av samlinga. I tillegg eig UiA ei unik samling av Beatkunst, donert av Reidar Wennesland.